mandag, november 14, 2022

Dagbok 2022: 14.november



 
Klokka er no 15.35, temperaturen ute er + 8 graderC, det er lettskya og sola held på å gå ned i vest. Det har vore ein nydeleg dag. Eg var ganske bra då eg stod opp i dag og etter at eg tok dei to Paracet-tablettane var eg i fin form.

Men det var noko som plaga meg litt, eg måtte finne ein måte å bli kvitt metallbosset etter takarbeidet. Frå VØR var der ikkje svar i dag heller, så då visste eg ikkje anna råd enn å spørje naboen.Han kom bort til meg og vi avtala at han skulle køyre vekk skrotet. Eg blei både letta og glad, for dette var noko eg ikkje kunne gjere sjølv.

Men det eg kunne gjere var å køyre bort på VØR med diverse anna boss. Eg har køyrt både hageavfall og diverse boss heile sommaren og no på hausten. I dag hadde eg ikkje all verda, berre to sekker med hageavfall, og så hadde eg diverse anna. Eg driv heile tida og ryddar litt og litt i garasjen. No i dag var der begynt å bli framkomeleg, så det var litt rart at eg skrapa opp venstre framskjernen på bilen då eg rygga ut-akkurat i dag. Men bilen var kjørbar og eg fekk levert bosset som planlagt. Då eg kom heim tok eg bilde og sende til Rasmus. Han er aldri rådlaus, no skal han prøve å finne ein ny skjerm til bilen, for det blir for dyrt å ha den på verkstad. Han snakka om 20 000 kr, men eg synest ikkje det høyrest så gale ut. Eg er vant til å punge ut med store summar  for tida.

Men i alle fall var veret fint, og foten min var det beste han har vore på lenge, så i dag vart det tur på Vernet- og det gjekk heilt fint. Sist eg gjekk tur var den 15.oktober, det var då eg vart låk i foten. Eg har ikkje bestemt meg  for om eg skal på trening i morgon, eg får sjå kva det blir til. I dag må eg ta meg saman og  jobbe med spanskleksa, det er ikkje lenge frå onsdag til onsdag.

Vi har ikkje sol heile dagen , trur eg, somme gonger er ho attom fjellet. Men det kortar på vinteren når vi får slike fine dagar no, I dag er det 14.november. Hadde Nils fått leve hadde han vore 86 år i dag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...