fredag, november 11, 2022

Dagbok 2022: 11.november





Klokka er no17.06, temperaturen ute er + 12 grader C, det regnar og det er mørkt som om det skulle vore midt på natta.

Men vi har ikkje så dramatisk nedbør som lenger sør. Å få gjort noko ute er i alle fall heilt håplaust. Eg likar så godt å få rydda skikkeleg i hagen, så det ikkje blir så mykje å gjere når våren kjem. Det må eg visst berre gløyme i år også. Lyspunktet er at det er mildt, elles kunne vi risikert å få nedbøren som snø-og det ønsker eg ikkje.

I dag var det vanleg fredag med fredagsvask etc. Tok og vaska litt klede også sidan det var så billeg straun i dag, det har blitt meg fortalt at den var heilt gratis. Eg er i alle fall glad for at det ikkje er kaldt. Eg gløymde å ta bilde på dagtid, så bildet over tok eg ca.kl.17, der er fint og lyst framme i Mosmarka ,ser eg.

Til middag i dag hadde eg ein rest med ris+ kyllinglår. Etter middagen sat eg og slappa av ei stund og eg trur eg sov. Eg vaknar tidleg om morgonen og er låk i foten, så eg treng sikkert ein middagslur. Elles ser eg no litt TV innimellom, og då strikkar eg.

Spanskleksa vår er å sjå eit program på You tube og lære oss teksten, som vi må omsette til norsk. Det har eg gjort i dag, men det må nok gjerast fleire gonger.

Elles så pratar eg med folk på Messenger, så eg blir no litt orientert. Til dømes så fekk eg vite at Rasmus hadde vore med båt til Kiel, dei hadde hatt båten som hotell og konferanserom, billegare det enn hotell på land. Og så har eg betalt siste rekninga på takarbeidet.  Sånn går no dagane. I morgon må eg prøve å komme meg ut litt, kan vel ikkje gå tur, men ein butikkrunde går bra. Når eg har tatt smertestillande tablettar har eg det bra nokså lenge. Verken er verst om morgonen. Kor lenge dette vil vare veit eg ikkje, det KAN vere snakk om månader og år.

I dag er det fredag og då vil eg ønske alle ei fin helg uansett ver. Det er visst farsdag også, men den blir ikkje feira her i huset.

Då eg var på Europris i går hadde dei stilt ut juletre med lys. Eg hadde nesten lyst å kjøpe, men kvar skal eg ev.ha det når det ikkje er jul? Det er no godt at vi har jula på mørkaste vinteren.
 

Ingen kommentarer: