Klokka er no18.16. Temperatren ute er +14 grader og det er nokså mykje skyer på himmelen.
Eg har hatt ein nokså kjedelig dag, mest fordi eg ikkje var så opplagt på føremiddagen. Eg hadde ikkje noko eg skulle eller hadde lyst til,og Marit skulle bli henta til hyttetur med Kjartan, så då vart eg her heilt åleine-med katten. Eg plar no trivast godt åleine, men ikkje i dag. Eg strikka litt og sat mykje med datamaskina før eg åt middag, restar frå i går.
Då var veret blitt betre og det vart til at eg tok ein runde på Vernet , hadde ikkje gått der sidan 17.mai, for eg har hatt litt plunder med ein fot. Men i dag gjekk eg bra. Berre synd at telefonen ikkje var opplada til å ta bilde, så eg tok ein runde i hagen etter at eg var komen heim for å ta bilde av det som blomstrar. Hagen min vert enklare for kvart år, for eg orkar ikkje så mykje som før.
Akkurat no er det syrinen som pyntar mest opp, den er blitt stor og frodig.
Dette er eibuske som heiter Svartsurbær, for utpå sommaren og hausten kjem der masse svarte sure bær på den. Buska som eg har er litt spinkel,fordi eg har klipt vekk så mykje. Fuglane er heilt galne etter bæra, men eigentleg er dei ikkje så gode. LIkevel er det lurt å ete bæra for det er det sunnaste vi kan ha i oss. Og viss ein har mykje bær kan ein t.d. lage gelè. Eg kjenner ei som hadde ein heil hekk av slike plantar og ho laga gele. eg et no ein del bær om hausten,men som regel kjem småfuglane og forsyner seg grådig. No kan vi nyte synet av blomstrane.Dette er Gullbusken som Nils og eg fekk til gullbryllaupet vårt. Vi hadde den først i ei potte, og sette den inne om vinteren, men så oppdaga vi at det kunne like godt stå ute om vinteren også. Gullbryllaupet var sommaren 2012; buska veks ikkje så mykje, men det er berre bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar