fredag, mai 30, 2025

Dagbok 2025: 30.mai

 


Klokka er no18.30, temperaturen ute er +9 grader. Det har regna i dga, men så lettar det opp mot kveld.. Eg måtte ta eit bilde av vindua og dei fine blomstrane som eg har att frå fødselsdagen min. Dei trivst godt her no.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, har ikkje vore ute for ei dør. Berre ut på trappa for å gi Lollo mat. Eg passar katten til Marit, ho er på hyttetur med sonen. Eg har ikkje vore  storform i dag, men har no fått vaska hus, klede og oppvask. I morgon skal eg på butikken, det er eg stort sett kvar laurdag føremiddag, så no driv eg og skriv ned det eg manglar.. Det skjer ikkje så mykje når eg er heime og åleine, så eg har ikkje så mykje å skrive om. Eg får sjå kva eg kan finne på i morgon. Ønsker meg litt betre ver.


                        Veret betrar seg mot kvelden, no er det nesten sol.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 8.mars

Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte e...