onsdag, mai 21, 2025

Dagbok 2025: 21.mai


 Klokka er no 19.35, temperaturen ute er + 7   grader C , det regner no, men regnet skal ta slutt står det på Pc-en.   I dag morgon var det snø langt nedetter fjellsidene , så i dag vart det ingen hagedag. Kanskje like greit for eg var heilt bra i foten i dag, så kanskje det ordnar seg. Eg vakna tidleg og stod opp eit par gonger før eg tok meg frokost og la meg nedpå atter ein gong til før eg stod opp.

Eg hadde planlagt ein jobb inne i dag, eg skulle støvsuge skikkeleg med den store støvsugaren alle teppegolva. OPg det fekk eg gjort. elles så vart det litt anna husarbeid etc. før vi for på pensjonistmøte, Marit og eg. Det var eit kjekt møte og for ein gongs skuld sat vi med eit bord der alle kjende kvarandre meir og mindre. Vi får mat på møta no(betaler for det, sjølvsagt) og i dag fekk vi gode smørbrød .

Til slutt var det trekning i blomsterlotteriet. Ein loddar ut blomstrane som står på bordet i tillegg til andre. Marit brukar ofte å vinne. "Du skal vel vinne blomsten på bordet vårt,du" sa eg. Og i samme sekund vann ho den.

Eg var glad for at eg hadde ei skikkeleg bukse på møtet i dagså  eg kunne føle meg velkledd. Eli har enno ein "jobb" i styret, ho planlegg turar. Ho har planlagt ein dagstur, og ein lengre tur. Den lange turen vil eg ikkje vere med på , men kanskje eg hiv meg på dagsturen, sjølv om den var på kjende stader. Eg har ikkje bestemt meg enno.

I morgon skal vi på trening igjen, og no har eg fått frikort, så då trener eg gratis.sten av året

Eg såg på nettet at Amanda no er ferdig utdanna lektor frå Volda lærarskule, og komande veke, på Kristi himmelfartsdag, fyller ho 25 år. Ho blir sikkert ein dyktig lærar. Eg ønsker henne alt godt i ein krevjande og interessant jobb. Fem av barnebarna mine er no lærarar.( og alle tre barna).

Dei to-tre siste åra har eg kjøpt små rhododendron på sal om hausten. No har eg tre slike ståande i beddet som eg rydda i går. Det er spesielt den i

midten som er den finaste, kvit med litt rosa skjer-



           Eit lte glimt frå pensjonistmøtet. Eg sat ved bordet då eg knipsa.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no   Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 gra...