tirsdag, mai 20, 2025

Dagbok 2025:20.mai

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind.

Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst slutt for denne gong.

I dag vakna eg tidleg igjen og stod opp og laga frokost,men la meg igjen etterpå. Så no lurer eg på om ikkje tablettane virka som dei skal.

Marit og eg var på trening i dag, eg er ikkje heilt god i venstre hofta så eg tek det litt med ro. Eg har ikkje veldig vondt, men eg er alltid redd for å få att det eg sleit med i så mange år. Vi handla på heimvegen og etter ei stund begynte eg å jobbe litt i hagen. Eg renska opp i beddet ved Urke-garasjen først,

men eg la ikkje på ny mold i dag, det gjer eg ein annan gong.Elles så klipte eg plen, så mykje som eg hadde bensin til. Eg må no kome meg av garde og kjøpe bensin først best. 

Eg trudde det var Pensjonistmøte i morgon, før var møta alltid på onsdagar, men denne gongen blir det torsdagsmøte, og då er det trening også. Men det går bra.Så får eg vere heime i morgon og gjere eit kvart til nytte. Ein må nytte fineversdagane i alle fall.Det er mykje å gjere i hagen denne årstida, men eg likar det.(Det er mykje eg skulle ha gjort inne i huset også, men det er ikkje kjekt.)

 Så er det likevel i morgon møtet skal vere-det har vore litt misforståingar ute og gjekk. Men no er det klart.

                      Syrinen blomstrar no, meir og meir for kvar dag.


Ingen kommentarer:

Dargbok 2025: 13.desember

Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd...