mandag, mai 19, 2025

Dagbok 2025: 19.mai


Klokka er no 21.33, temperaturen ute er no + 12 grader, det har vore ein veldig fin dag med sol frå morgon til kveld.

Eg hadde planlagt å bruke dagen til hagearbeid, og slik vart det. Det første eg gjorde var å fylle bilen med rusk og rask som skulle på VØR. Eg har bestemt meg for å ha mest muleg dit bort og ikkje ta meg av rusket her heime.

Då eg køyrde heimover på vegen ved flyplassen såg eg så godt det høge fjellet, Saudehornet, som vi ikkje ser frå der eg bur, fordi det mindre fjellet, Vallahornet, er så nær at vi ikkje ser det høgste fjellet bak. Som de ser er det enno snø i Saudehornet.

Eg tenkte at eg kunne handle mat på heimvegen, men så kom eg på at eg ikkje hadde brukt hanskane på VØR, så eg var ikkje heilt rein på hendene. Men eg hadde ei løysing, eg gjekk inn på panterommet ved butikken og der er det både vask og såpe, så då fekk eg handla med det samme.

På grunn av at eg ikkje er heilt god i venstre foten gjekk eg ikkje på Vernet i dag. Men eg jobba lenge i hagen. Eg klipte gras m.m. på muren nedanfor huset-mot naboen. Eg kan ikkje klippe med grasklipparen heilt ned for då kjem eg ned på stein. Det er ein kjedelig jobb , den klippinga, men eg gjer det ikkje så ofte. Eg vart i alle fall ferdig i dag, før eg laga meg middag,- pølse og potetstappe for tredje dag på rad. Hadde laga litt rikeleg med stappe. Eg er ikkje så kresen i matvegen ,og appetitten er alltid på topp-dessverre.

Eg fekk ei lita stund på benken med Marit før Dagsrevyen. Så gjorde eg ferdig eit lestepar før det vart ein liten ufrivillig høneblund.

I morgon er det trening, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag er det trening igjen. Det er alltid noko å gjere for den som vil og kan. Sola skin enno på Melshornet.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no   Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 gra...