Gratulerer! Amanda er no ferdig utdanna lektor.
Klokka er no 16.04, temperaturen ute er +9 grader og no endeleg får vi visst sol.I dag morgon låg snøen langt nedetter fjellsidene og det var surt og kaldt . Men eg var tidleg oppe, som vanleg, og med ekstra el-omn under kjøkkenbordet vart det ein hyggeleg frokost. Eg er veldig glad i frokostar!Eg er i det heile tatt veldig glad i mat-altfor glad skulle eg sagt.
PÅ treninga gjekk det bra, men eg valde å ta litt omsyn til venstrefoten -den er ikkje heilt god enno. På heimvegen handla vi på KIWI som vanleg.
Etter at eg var komen heim laga eg meg ein slags middag med rå grønsaker etc. Men så vart eg så trøtt at eg slengde meg ned på Dagsenga her på datarommet , og der vart eg liggande. Eg sov ikkje, men slappa skikkeleg av. Og mens eg gjorde det endra veret seg mykje. No skin sola ute, men eg veit ikkje om det blir råd å gjere hagearbeid enno. Og eg veit ikkje kor mykje foten min toler. Det er kanskje best at eg held meg inne og strikkar?
I morgon er det fredag igjen, vekene går fort. Eg har mykje eg skal gjere både ute og inne, berre eg er i stand til det Når ein er 85 må ein vel finne seg i at ein ikkje greier alt som ein har gjort før-men det er litt irriterande.
Eg er ikkje så flink med datamaskina heller, trur eg, har gløymt mykje av det eg kunne før. Ja, der ei ei tid for å lære-og ei tid for å gløyme. Trur eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar