fredag, mai 23, 2025

Dagbok 2025: 23.mai


Klokka er no18.55, temperaturen ute er + 10 grader, det er mykje skyer på himmelen, men sola kjem fram her og der.

Eg har hatt ein litt trasig dag, fordi den venstre hofta som plaga meg i mange år, men har vore bra lenge no, har begynt å plage meg igjen. Så veldig vondt har eg ikkje enno,men eg veit ikkje korleis det skal gå vidare. Eg har legetime 10. juni så eg ventar med å gjere noko før den tid. Eg har hatt så mange gode år no, at eg trudde at det skulle vare. Det er ikkje så gale enno, men ein veit aldri........

Eg har no hatt ein vanleg fredag med golvvask og klesvask etc. Så har eg sete og strikka ferdig ein lest, eg var spent på om der var nok garn til slutt, men eg trur eg løyvde ca 15 cm.
Eg har ikkje vore på butikken i dag, men i morgon må eg ha ein tur.Det er godt å ha bilen når føtene streikar. No i kveld skal eg opp til Marit og vi skal sjå The voice-det er no kjekt å ha nokon å vere i lag med når ein ser slike program. For morgondagen har eg ikkje så mange planar, men eg håper at veret blir til å vere ute i.Eg har så lyst å jobbe i hagen, men planane mine ligg på is inntil vidare
Sidan det er fredagskveld vil eg ønske alle ei fin helg, og så håper eg at temperaturen stig opp att så vi slepp snøen i fjella. Eg ser at klokka går for mot 20 no så eg får gjere meg klar til å springe over gata.


Sola skin i Mosmarka i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no   Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 gra...