Første post på programmet i dag, var trening, og i dag var Marit også med. Etter treninga var eg ein tur på Alti og kjøpte svarte sekker på Clas, etterpå var vi på Ose og handla med gartnaren frå Urke. Eg kjøpte berre ein rosa geranium, der gjer eg kvart år, men Marit handla meir. På heimvegen handla vi mat på KIWI som vanleg. Der har dei også massevis med blomster, men mange dør av tørke. Dessverre.
Eg tok meg litt mat og sidan eg ikkje orke å jobbe ute i hagen, tok eg ein runde på Vernet i staden. Veret var fint, men kaldt, syntest eg. Eg håper det blir varmare i morgon så eg får jobbe på prosjektet mitt. No har eg i alle fall sekkar-men manglar spade. Men vent-no hugsar eg brått at eg har ein nesten heilt ny raud spade som eg har kjøpt sjølv, eg må berre finne den att. Finn eg spaden kan det vere at eg får gjort litt meir.
Det er eit nokså stort prosjekt eg held på med, men det er no kjekt også, berre eg slepp å fryse. I morgon skal eg køyre Marit til tannlegen, men det tek no ikkje så lang tid.Det kan virke som om det berre er eg som hjelper henne,men ho hjelper meg med mykje også, så det går opp i opp. Eg ser at klokka nærmar seg 7, så i dag har tida gått frå meg. No blir det å ta fram strikketøyet og sette på TV-en først best. Eg har oppdaga at det snart er 17.mai men som regel er eg ikkje så mykje ute og feirar dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar