onsdag, mai 14, 2025

Dagbok 2025: 14.mai


 Klokka er no 17.00,temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya men eg trur sola prøver å komme seg igjennom.

I dag hadde eg to ting på programmet, eg skulle køyre Marit til tannlegen og eg skulle jobbe i hagen. Eg begynte i hagen, raka litt gras etc. men så fann eg ut at eg ville ordne beddet nedanfor tilbygget. Eg rensa beddet så godt eg kunne for gras og ugras etc. Så tok eg to sekker mold i trillebåra og fylte på beddet med rein og fin jord, så la eg på litt meir kantstein og til slutt vatna eg med hageslangen.  Eg prøvde også å få gjort noko nede i krateret der rosebuska hadde stått, men då var det tid for tannlege. Eg sat i bilen oh kvilde mens Marit var til behandling, og så køyrde vi heim. Men avtalte at ho skulle komme ned til meg og drikke kaffi og ete gulrotkake litt seinare. Og slik vart det.

Eg har vore å sett i "krateret", men eg er sjukmeld resten av dagen fordi eg er låk i venstre hofta og det likar eg ikkje. Eg har kjent litt av kvart på den sida både før og no, så eg er forsiktig til vanleg, men i dag vart det kanskje litt mykje, så eg valde å slutte før det vart skikkeleg gale.Men det er vanskeleg å stoppe arbeidslysta, og eg må vel sløyfe turen på Vernet også. Dessverre. Men viss eg greier å unngå å "Skifte hofte", så  er det vert det.

I morgon er det trening igjen, og så blir det 17. mai på laurdag. Eg har ingen planar for den dagen, som regel held eg meg heime og ser TV-men det kjem litt an på veret.

           Denne buska er like fin kvart år, men eg hugsar aldri kva den heiter.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no   Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 gra...