Klokka er no 18.04, temperaturen på trappa er +13 grader og det har vore ein nydeleg dag med sol frå morgon til kveld. Det har ikkje vore så varmt, men temperaturen skal stige melder dei på PC-en.
Eg var ikkje heilt bra i venstre hofta i dag heller, men bra nok til å gå på trening og trene hi sida. Etter treninga var vi på butikken som vanleg. Eg kjøpte ei "korg" med hollandske jordbær i dag, eg kunne ikkje stå i mot freistinga. Kvifor skulle eg det forresten. Der er ikkje mykje att no.Men der er sikkert meir på butikken.
I dag sette eg som mål og rydde opp den mest rotete delen av hagen; der den gamle kompostkassa står blant anna,- Der var overgrodd med ugras etc,. Å seie at der vart fint etter fleire timar med arbeid, det er å overdrive. Men eg kan seie at der vart betre enn der var. Tok litt nedanfor garasjen også, men då måtte eg slutte av på grunn av hofta. I morgon er det fredag og 16. mai, så då blir det vel å vaske og rydde litt inne. Eg har ingen plan for 17.mai, men eg får sjå kva som skjer.
Eg fekk no gjort litt godt arbeid uansett, så eg får vere fornøgd med det.
Der står ein rogn på bildet, den er heilt utan lauv enno, den stå på naboen sin "eig".Vi har har hatt mange fine dagar i mai i år også, slik som i fjor. Då får vi håpe at den 17. også blir fin. Min første 17.mai opplevde eg i Innvik i1945, og eg synest å hugse at eg gjekk i tog og fekk halde ein dusk på ei fane. Eg kan ikkje garantere at dette stemmer, men eg har som eit minne om det.Det vert kanskje ein litt spesiell dag i år-80 år etterpå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar