Klokka er no 17.53, temperaturen ute er + 15 grader C, og sola skin og fuglane syng. Det er nydelege dagar, men eg kunne tenkt meg litt meir varme ute.
I dag har det vore ein del vasking, som vanleg på fredagar. Eg tok "fredagsvasken"(kjøkken og bad), så vaska eg bilen,i tillegg ar eg vaska opp og vaska klede i maskiner. Eg har også klipt den minste plenen min, den ved postkassene, og rydda bitte lite grann på "Prosjektet" mitt. Eg får dessverre ikkje gjort så mykje som eg vil på grunn av den vonde hofta-og eg har ikkje gått på Vernet. Det saknar eg. Elles fekk eg løyst sudokuen i ei matpause.
Eg kom plutseleg på at det er søndag etter 17.mai og så lurer eg på om eg har nok mat i hus eller om eg må køyre på butikken. Eg har ikkje bestemt meg enno, der er no ope lenge utover kvelden. Eg veit ikkje om det kjem nokon innom i helga heller. Om så erså har eg i alle fall litt gulrotkake og is.
Marit ville at eg skulle komme opp til henne og sjå TV, men eg trur eg er for trøtt; eg forstår det eigentleg ikkje for det er sjelden eg er TRØTT.
Håper det fine veret held seg ut morgondagen, slik at alle kan kose seg. Eg veit ikkje om eg skal ned i byen, men viss der er musikk i sentrum så fer eg ned ein tur.
Ønsker alle ein fin 17.mai, vi lever enno i landet vårt i FRED, det er verkeleg noko å feire.
Eg gjekk berre ut på trappa og tok eit bilde kvar veg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar