Endelig vart det slutt-på det kjedeligaste TV-programmet ever. Eg såg det berre fordi eg ville ha eit resultat. Songen som vann hugsar eg ikkje. Og så iriterte det meg at alt var omsnudd og ingen ting var som før! Ja, eg meiner MGP-programmet altså
Det var DEN utblåsinga, no skal eg gi eit lite referat av 17-mai. Eg var tidleg oppe som vanleg. Einar hadde sagt at han ville komme klokka 12, så då hadde eg klart nykokt kaffi og kaker frå frysaren. Då han reiste gjorde eg meg klar for ein tur på Vernet, men så kom Janne og tilbaud meg å vere med dei til Vik og sjå "Folketoget", så blei eg med dei i staden.
Slike dagar får ein eit inntrykk av at her bur mykje folk i bygda. Vi fekk sjå toget to gogar for dei gjekk fram og tilbake. Ja og så var der ein heil kortesje med russebilar.Eg såg ikkje mange eg kjende akkurat, men det var no kjekt å sjå så mykje folk . Eg hadde dessverre ikkje telefonen med meg, så eg fekk ikkje tatt bilde.
Men då eg kom heim gjekk eg på Vernet og der tok eg bilde.Der var pynta med mykje over 100 små flagg, det er der kvart år.
Eg laga meg middag i dag, det skjer ikkje så ofte.
Det er +6 grader C ute no.
Klokka nærmar seg halv 2, så eg utset å legge inn bilde her. Det kan eg gjere i morgon.
Sundag morgon: I dag stod eg opp for andre gomg ca 6,30, så no hjelper dei visst ikkje lenger dei nye sovetablettane.
Kvart år blir det pynta på Fonnvernet, med små flagg på annankvar gjerdestolpe, eg talde ikkje i år, men har gjort det før og veit at det er godt over 100 små flagg.
På brua er det også rikeleg med flagg.
Her var det ikkje kome så mange blomsterplantar enno, men ein kan no plante nokre flagg til så lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar