mandag, mai 12, 2025

Dagbok 2025: 12.mai


Klokka er no 18.40. , temperaturen ute er + 18 grader C.Men det har vore varmare før i dag, og det har vore sol. Så snart eg var ferdig med morgonstell og frokost gjekk eg ut i hagen. Då begynyte eg å rydde der Rasmus og eg hadde fjerna det store "rosetreet" i fjor. Eg ville prøve å få bort mest muleg av ugraset før eg skal lage "blomstereng" der. Eg hadde ikkje så gode reiskapar, og det heile var litt tungvindt, Hadde ikkje skikkelege sekker heller. Etter ei stund gjekk eg lei, og ville heller klippe plen, men eg fekk ikkje start på klipparen. Saken var at det ikkje var straum på batteriet.(eg hadde dratt ut ledningen då vi reiste) Etter mykje styr-og hjelp frå naboen gav eg opp og gjekk inn og sette batteriet på lading og venta til det var full-lada. Då starta klipparen men slokna fort. Då fann eg ut kva eg måtte gjere-endeleg! Eg tok vekk oppsamlaren og klipte utan, då samla ikkje graset seg rundt kniven og eg fekk klippe så mykje eg ville. Ikkje alt på ein gong, men det meste har eg fått unna. Men graset ligg på marka. Eg er snart lens for bensin, og den må kjøpast på småbåthamna. Det får eg hjelp til av naboen.

Denne plenen/hagen krev mykje stell, men eg likar slikt arbeid, skulle berre hatt ein betre rygg. Plenklipp går heilt bra for ryggen, så eg skal ikkje skulde på den.

Eg tenkte å fare på Clas i dag og kjøpe svarte sekker mellom anna, Eg har planar om å ha mykje på VØR i år, så blir det litt lettare heime. 

I morgon skal vi på trening og så har vi nokre ærend etterpå både Marit og eg, vi brukar ofte å handle når vi likevel er på farten.

Eg tenkjer mykje på den fine turen vi hadde. Men eg har ikkje fortalt kor fint vi hadde det på heimturen Solveig, Øystein og eg. Vi køyrde Gudbrandsdalen, men kvar vi rasta er eg ikkje sikker på. Solveig , som tenkjer på alt, hadde kjøpt inn god nistemat og drikke. Vi fann ein fin grøn rasteplass med mange bord og benker. Sola skein og temperaturen i lufta var+20 grader, eller vel så det. (Eg var heilt forvirra over kvar vi var, eg trudde Otta var eit lite steinkast frå hovudstaden, men eg fekk oppleve at landet vårt ikkje er så lite som eg trudde.Vi reiste mykje og ofte, Nils og eg, så lenge han var frisk, men det er lenge sidan, og eg har gløymt det meste. Kjende meg ikkje att nokon stad ,nesten, før vi kom til Lom , for der var vi for 4 år sidan, då køyrde vi Valdresflya heim frå konfirmasjonen.

Det var også kome frykteleg mange ,lange tunellar på vegen, dei var der ikkje før, og nesten alle vegane vi køyrde var"einvegs", vi trefte knapt ein bil. Derimot køyrde vi forbi mange -for farten var stor -og lovleg opp 110km i timen somme stader. Så det har skjedd mykje sidan sist eg var på langtur. Eg var glad for at vi hadde ein god sjåfør. (Øystein)

                                                                  

                                                            Syrinen er klar til å blomstre

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no   Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 gra...