Konfirmanten med brødre og søskenbarn.
Eg har vore borte frå dagboka mi nokre dagar på grunn av at vi har feira konfirmanten Ingar, son til Rasmus, i Kongsberg. Eg kom heim att for 5 minutt sidan. Eg har sete på med Øystein og Solveig begge vegar. Og det har vore nydelege turar.
Fredag reiste vi herfrå ca 9.30 og kom fram ut på ettermiddagen: Vi køyrde over Utvikfjellet til Sognefjoden og tok ferje over , så køyde vi nedover dalen via Gol. Vi kom fram utpå ettermiddagen.
Sjølve konfimasjonen var laurdag kl 14 og litt utover. Etterpå var det stort selskap med mykje god mat hos Wencke og Rasmus.
I dag tok vi ein ein heilt annan veg heim, eg trur kanskje at eg hadde ymta frampå om at eg hadde lyst å fare om Gudbrandsdalen heim att. Og slik vart det-ein lang tur, med tusen tunnelar, mykje fart og mykje trafikk, Vi var til og med litt innafor i Oslo. Men då vi endeleg kom heilt i i høgda skein sola og temperaturen var over 20 grader då vi rasta høgt oppe. Eg har vore på liknande turar før i tida, men kjende meg ikkje att nokon stad, nesten. Det var lenge sidan sist!!!
Eg orkar ikkje å skrive meir akkurat no, men eg kan komme att med bilde etc. seinare,
Konfirmant og kaker.,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar