Vi har berre eitt epletre att av dei fire vi i si tid kjøpte på Torheim.
Eg veit knapt om noko som er vakrare enn epletre i blomst. Epla er ikkje så viktige.Dette er ein slags sommareple.
Klokka er no18.10, temperaturen ute på trappa er minus 3, så kanskje temperaturen er på veg opp. Det har vore ein fin dag med sol i dag også...
3 kommentarer:
Enig med deg. Av dei trea vi har i hagen er epleblomsten vakrast. Eg hadde tenkt å ta bilde av vårt gamle epletre, men du kom meg i forkjøpet. Regn i dag, stiv i kroppen etter all trakkinga, får vel ta det litt roleg resten av veka. Eidabesta
Regn her også. Nils styrer med fiskesaker i garasjen, har enno ikkje fått båten ut. Med meg blir det ikkje så mykje gjort, no når eg trener to gonger i veka.Treng ein dag eller to til å kome til hektene att etterpå... Du har no gjort ein kjempejobb med konfirmasjonen og fortener ein pause.Men det er kjekt å vere til nytte.
fint tre
Legg inn en kommentar