lørdag, mai 31, 2008

Kva las du no?

Overskrifta refererer til nokre bøker som vi brukte i barneskulen -
mange av dykk hugsar dei sikkert.
Ja, eg les og les, særleg lydbøker, som er kjempefine å ta med seg på solsenga.
Har lese ut Staalesen si bok. Han er ikkje min krim-favoritt! Her er for mange "bilde",for mange samanlikningar,for blomstrane språk, dvs. for mykje av alt. Men når det blir så godt lese av Lasse Lindtner tilgir ein mykje.
LL beherskar alle slags bergenske dialektar og sosiolektar så det er ei fryd å høyre på. Og GS er ein meister i å skildre personar og miljø-
DET skal han ha!Men krimsjangeren brukar han etter mitt syn som eit påskot til å skrive om mykje anna, for eksempel til skildring av vestlansdnaturen og ikkje minst BERGEN! (Og det er her han har styrken sin.) Og til å peike på skeivheiter i samfunnet. Dei som har lese trilogien om Bergens historie hugsar kanskje at vi fekk servert eit mysterium først i bok 1. Løysinga kom på slutten av bok 3. Sleipt?
Men for all del, les FALNE ENGLER , det er god underhaldning.

Tom Egeland si bok har eg nettopp begynt på. Eg har lese fleire bøker av han før, og han brukar å vere god. Elles bør han vere kjent som den som skreiv Da Vinci -koden før Dan Brown, det seier noko om sjangeren.Denne boka handlar om gamle dokument og kodar frå Island. Så spørs det kor mange bøker av denne typen ein kan fordøye.
Eg har lese mange både av Tom Egeland og Dan Brown.

4 kommentarer:

solveig sa...

Staalesen er ein av mine favorittar. Eg kosar meg med seiemåtane hans. I fjor gjekk eg tur og flirte for meg sjølv. Frank Krogh les også bra. Diale¨kta og språket gjer at bøkene er best som lydbøker!

Besta sa...

Ja, eg også kosar meg med mange av seiemåtane hans, og han er litt av ein ordsjonglør-men det blir for mykje!
Bøker med mykje dialog er fine som lydbøker.Trur aldri eg hadde kome gjennom alle seks bøkene om Juvikfolket om eg skulle ha lese dei på vanleg måte t.d.

Anonym sa...

Paktens voktere er glimrende. Prøv Den trettende fortellingen av Diane Setterfield - gamle bøker og snev av Stormfulle høyder. Staalesen liker jeg ikke no særlig. Min krimfavoritt er Ian Rankin, Nesbø har nok lest mye av han. Ikke så mye lesing her i gården men litt blir det. Anna Gavalda leste jeg med stor glede, øøhh på jobb under heldagsprøveperioden.
Wenche

Besta sa...

Er nesten ferdig med PAKTENS VOKTERE men er enno litt i tvil. Slit litt med å skille fantasi og fakta. Viss det er nødvendig? Ikkje alle bøker egnar seg like godt som lydbøker, akkurat desse "kode-bøkene" ville vore betre å lese på papir.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...