
Han fekk god fangst, og meir småsei enn vi greier å ete opp, så då vart det litt på andre pensjonistar også. Vi er kanskje siste generasjonen som synest det er ein delikatesse? Dei unge vil vel ikkje ha fisk med bein i! Eg gler meg til middag. Her går det med store mengder til to personar. Sunt og magert!!!
2 kommentarer:
Du slepp å tenkje på kva du skal ha til middag når du får fersk fisk i huset. Lettvint og godt med sprøsteikt småsei. På hytta brukar vi å fyrer på grua og steike ute når vi får småsei og makrell, og så må ein ha masse løk. Fine varme dagar for tida, ein må berre nyte det så lenge det varer.
Eidabesta
Vi steiker aldri fersk småsei, den kokar vi! Viss vi skal steike seien, tek vi ein større type. Godt er det i alle fall. I dag skal vi ha steikt lyr, trur eg.Elles gjer vi ikkje så mykje i fineveret. Eg er ikkje i stand til å styre så mykje i hagen, så der blir berre det mest nødvendige gjort. Det får klare seg!
Legg inn en kommentar