tirsdag, januar 17, 2017

Dagbok 2017: 17.januar

Klokka er 19.30, temperaturen + 3 grader C og det har regna i heile dag. Den fine vinteren varte ikkje lenge.
Etter at Rasmus reiste i går, vart eg her åleine igjen. Men det går heilt fint. Eg har nok å gjere og nok å ta meg til. Det blir rett nok ein del data og TV, men eg har litt av kvart å styre med.
Av erfaring veit eg at når snøen begynner å smelte på altanen, kan det vere fare for at det trekker vatn inn i huset, så noko av det første eg gjorde i dag var å kaste snøen over ripa. Ei stund etterpå var altanen likevel full av vatn, fordi der låg ein iskant fremst på betongen og demde opp for vatnet som blant anna kom frå taket. Eg hadde litt strev med å få bort den isen, men ved hjelp av litt grovsalt gjekk det bra. Og det var godt, for då eg seinare fortalde det til Nils viste det seg at han hadde lege og tenkt på akkurat dette problemet. Eg har gått i skule med han i mange år, og det kjem vel med no.
Så tok eg "fredagsvasken" på bad og kjøkken, den fall på tysdag førre veka også. Eit par klesvaskar skulle leggast i hop etc. etc.
Eg hadde tenkt å ut på Ørstaheimen i dag, etter at naboane hadde vore der, men vegane var så slapsete og glatte at eg kontakta Anne Lise og spurde om eg kunne få sitte på med dei. Det fekk eg sjølvsagt.
Så tok eg meg ei stund med strikketøyet og høyrde ferdig lydboka mi før vi for.
Då vi kom inn til Nils var legen der, ei relativt ung firebarnsmor, så fekk vi helse på henne. Ho sa at infeksjonen var borte og blodprosenten var stabil. Litt etter kom ein sjukepleiar som var ny for meg. Ho kom med middag til Nils. Maten såg god ut og han åt opp alt. På føremiddagen i dag hadde han vore på trening og det hadde gått bra. Det går framover, og eg håper han får vere der så lenge at han kjem seg i skikkelig form. Etter at vi hadde prata ei stund kom Matias, han hadde alarm på mobilen, for han skulle heim og ta brøda ut or omnen. Naboane skulle handle litt, men eg vart att til dei kom og henta meg. Eg kan ikkje få fullrost alle som har stilt opp for oss denne tida.
Nils skulle ha vore til frisør for lenge sidan, men komande mandag får han visst ein sjanse. Det kjem frisør på "huset" der han er no.
Hadde så vidt kome inn døra då eg fekk telefon frå ein mann som presenterte seg som T. Å. Han fann ikkje att annonsen til Pensjonistlaget, han ville komme på møtet i morgon. For dei som enno er i tvil: Møtet tek til med film klokka 15.30, så blir det pause med mat, loddsal og underhaldning, før vi ser resten av filmen. Inngangspengane denne gongen er 150 kr, men ein får mykje for pengane.
Til middag i dag blei det skiver med leverpostei og rødbetar, så no er juleposteien oppeten. Endeleg. Eg har litt problem med å få has på all maten eg har kjøpt i hop.

Ingen kommentarer: