onsdag, januar 25, 2017

Dagbok 2017: 25. januar

Klokka er snart 19.00 og temperaturen ute ca. + 10 grader C. Det har vore som ein vårdag!
Eg hadde nettopp skrive eit langt blogginnlegg som eg kom i skade for å slette med eit tastetrykk. Så no får eg prøve å gjenskape det.
I dag har Nils og eg vore heime åleine det meste av dagen, det var litt rart, men godt også. Begge sov godt sist natt, og Nils kosa seg heime i si eiga seng. Vi var ikkje tidleg oppe, og først i 11-tida var vi ferdige med frokosten. I morgon må vi opp litt tidlegare for då kjem heimesjukepleiaren. Ho skal vere her så Nils får dusje. Eg er litt redd han skal dette og skade seg, og eg greier ikkje å halde han på beina om han skulle vise tendensar til fall. Ho skal komme innom to gonger i veka til å begynne med, og så får vi sjå om vi treng meir eller mindre hjelp. Vi får den hjelpa vi ber om.
Marit var den einaste som besøkte oss i dag. Ho hadde med seg jordbær til Nils. Etter hans eige ønske laga eg ein slags smoothie av halvparten av bæra + is og litt sukker. Det likte han godt. Han må få noko som er berre godt - utan tanke på feitt, protein og kaloriar. Nils må få i seg nok mat, og nok næring, det er heilt naudsynt både på grunn av sjukdommen og medisinane.
Vi, og særleg Solveig, ivrar for at vi skal ha streng dagsrytme når det gjeld måltida. I dag har vi fått det bra til. Frokost 10-11, lunsj 13-14 og middag 17-18. Nils skal også ha kveldsmat, men eg må hugse på at det ikkje er eg som skal fetast opp. Innimellom har vi drukke kaffi.
Eg fekk vaska bad og kjøkken før middag, elles har eg ikkje gjort noko særleg anna enn å lage til mat(lettvint).
Det var stas for Nils å komme heim til TV-en så han har sett mykje i dag. Eg har site i lag med han og strikka litt.
Det gjekk opp for meg i dag at det er første dagen på 2,5 veker eg ikkje har vore på vandring anten til fots eller med bil. Det er kanskje derfor eg verker litt i beina- og er litt rastlaus. Det er lett å komme inn i vanar.
I dag fekk vi eit blad som heiter "Her og nå" i posten. Sidan det ikkje var namn på bladet rekna eg med at det var gratisreklame. Håper ingen saknar bladet i postkassa si. Eg har nesten aldri kjøpt "Se og hør" eller andre kjendis-sladreblad, men eg las no dette-utan at det gav meirsmak. Men der var eit godt TV-programblad med, det var meir interessant.
No må eg passe på å ikkje trykke feil så eg må skrive enda eit blogginnlegg.
Eg veit at mange les bloggen min for å oppdatere seg på korleis det går med Nils, og det synest eg er heilt OK. Kjekt at folk bryr seg.


2 kommentarer:

solveig sa...

Håper de får ha det koseleg framover!
Og som eg har sagt mange gonger, så er det viktig å ikkje hpooe over måltid.
Dessert er lov - og viktig!

Besta sa...

Ja, eg har eit utval av både det eine og det andre.