fredag, januar 06, 2017

Dagbok 2017: 6.januar

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 5 grader C og det regnar litt. Ja, eg er så gammal no at eg likar regnet betre enn snøen, særleg sidan eg prøver å moke snøen vekk etter beste evne. Tunet er ikkje så sleikt og fint som då Nils hadde ansvaret; seinast i fjor dreiv han og moka tunet med "hand".
Nils vart verre utover kvelden i går, litt feber hadde han også, så vi bestemte oss for å ikkje vente over helga men å ta kontakt med lege neste morgon.
Eg ringde legesenteret så snart eg var oppe og hadde lagt i omnen etc. Snakka med ei dame i resepsjonen, og vi vart enige om å gjere det som sist, hente han i ambulanse og få han vurdert av ein lege før han ev. vart sendt til Volda. Ambulansen kom etter ei lita stund og Nils blei godt tatt hand om. Han ringde og sa ifrå om at han vart sendt til Volda.
Margrete hadde kontordag i dag, så ho kunne slutte av tidleg. Ho kom hit og vi sat og venta til Nils ringde og sa kvar han låg etc.
Meininga var at eg og Margrete skulle få gjort unna ein del ærend i det samme. Eg var blant anna inn på apoteket og kjøpte medisin, og så var vi på biblio og fann oss nokre bøker.
Vi fann Nils på rom nr.407, eg meiner det var der han låg åleine ein gong før, no kom han i lag med tre andre eldre karar, men han slapp å ligge på gangen .......der var det andre som låg. Det såg ut som der var fullt opp av pasientar no. Der virka overfylt og trongt. Kan ikkje forstå at det er nokre som vil legge ned sjukehuset i Volda!
Nils hadde vore på røntgen og undersøkt lungene, det var han sist også, utan at dei fann noko då.
Han låg med drypp, men var framleis veldig slapp. Det var ikkje anna å vente, det dryp ikkje så fort.
På heimvegen var vi innom Rema 100 og handla. Eg kjøpte ikkje så mykje, men eg kjøpte ein veldig mettande salat til meg sjølv som eg åt då eg kom heim
Etterpå vaska eg bad og kjøkken, og hadde eit par telefonsamtalar, så no blir det snart TV og strikketøy. Men eg skal lage meg litt kaffi først.
Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer: