torsdag, januar 05, 2017

Dagbok 2017: 5.januar

Klokka er snart 19.00 og temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore ein relativt fin dag i dag utan nedbør, så eg har ikkje vore ute og trimma.
Nils låg mykje av gårsdagen, noko som resulterte i at han sov dårleg sist natt, mellom anna. Han var så vidt oppe og åt frokost, før han la seg inn i senga att. Han likar seg best i kalde rom. Det var langt på dag før han stod opp igjen, men då åt han både oppvarma ertersuppe og risengrynsgraut (frå lageret). Han er mykje betre no i kveld enn han var før i dag, seier han. Han har site i stolen sin og sett hopprenn- og det er eit godt teikn.
Eg har ikkje vore så altfor flittig i dag, men eg gjekk i alle fall laus på kjøleskapet og fekk vaska og rydda både kjøle-og frysedelen. Alle husmødrer veit at det eit tiltak. I dag kasta eg med hard hand alt som eg veit vi ikkje kjem til å ete, og små og store fuglar fekk sitt.
Så hadde eg ein lang prat i telefonen med ei venninne. Sjølv om eg kjem meg lite ut blant folk, har eg kontakt med mange både på data og telefon, så eg lid inga naud.
Eg synest symptomane til Nils begynner å likne veldig på då han var dehydrert, og han får sikkert ikkje i seg nok drikke. Eg ringde kreftsjukepleiaren og snakka med henne om det. Ho sa at heimesjukepleiarane kan kople til intravenøs væske anten her heime eller på sjukeheimen, men det må vere ein lege som bestemmer det. Det skulle ikkje vere nødvendig med sjukehusinnlegging for noko så enkelt. Sist Nils var innlagt, fekk han tilført 3 liter med væske, og då sette han seg opp i senga og åt.
I morgon skal Nils ned på laboratoriet og ta blodprøver, og då skal eg sjå om det er råd å få ein lege til å sjå på han- om han treng væsketilførsel. Eg veit at mange kreftpasientar har dette problemet med væskemangel.
Eg skriv mykje om sjukdom -men eg veit at slekt og venner les bloggen for å følge med korleis det går, så eg gjer det i full forståing med pasienten.
Eg har funne meg såpass mykje restegarn at eg no kan få i hop eit fancy lestepar til meg sjølv-så no har eg noko å henge fingrane i. Elles går dagane mine med til å vere husmor, sjukepassar og selskapsdame. Eg synest det er rimeleg meiningsfylt.
Eg hadde tenkt å ta bilde i det fine vêret, men brått var det mørkt.

Ingen kommentarer: