lørdag, januar 07, 2017

Dagbok 2017: 7.januar

Klokka er no18.30, temperaturen er + 2 grader. Det har vore skya og opplett, før middag smelta is og snø på vegane, no frys det på. For meg har det vore søndag i heile dag, og når ein først har fått den ideen, er den vanskeleg å bli kvitt.
Sidan eg la meg seint i går, var eg seint oppe i dag, så føremiddagen vart kort. Eg bestemte meg for å ta bussen til Volda klokka 12.53 , så kunne eg komme både fram og tilbake i dagslys. Eg gjekk heimanfrå i god tid. I dag var eg heldig og trefte på ein buss som gjekk heilt til sjukehuset, så eg var der ca. 13.10. Men der låg pasienten og sov tungt og godt. Eg let han berre sove og sette meg til å lese Møre-Nytt som eg hadde tatt med. Tre kvarter sat eg der før han vakna. Men eg har god tid, så eg var der enda to timar, då måtte eg gå for å nå siste busse heim, dvs. den siste som stod i MITT rutehefte. Eg har aldri gått frå sjukehuset og ned til bussen før, så eg ante ikkje kor lang tid det tok. Eg hadde tenkt ut vegen eg skulle gå- tross omveltningar er eg no bra kjend i Volda. Ruta var heilt perfekt, men eg kom 20 min. før tida. Då vi kom til Ørsta var eg nedom Amfi og bestilte medisinen som eg gløymde i går. Kjøpte meg ein liknande salat som den eg kjøpte på Rema i går, det var det einaste eg hadde lyst på. Men den frå Rema var betre.
Så var det å begynne på motbakkane, då var eg litt trøtt, men då eg var komen opp i Håkonsgata stoppa naboane Hildur og Svein og plukka meg opp og kjørte meg heilt heim. No har eg ete og sit med ein kaffikopp. Når eg skriv så mykje om denne gåinga mi, er det for å tydeleggjere at no kan eg GÅ-det har eg ikkje alltid kunna.(Det manglar ikkje på tilbod frå folk som vil køyre meg både hit og dit, men eg synest det er godt å få vere ute litt- og få litt mosjon)
Så til Nils: Han får no penicillinbehandling for ein infeksjon som dei ikkje heilt forstår kvar han kjem ifrå. Men Nils er svak og immunforsvaret virkar dårleg. Dette er same diagnosen som han fekk første gongen han var innlagt. Andre gongen var det dehydrering, og eg håpte det var slik no også; det var det ikkje. No håper eg berre dei får has på denne infeksjonen før dei sender han heim. Han blir fort trøytt, så det er ikkje lurt at mange besøker han i gongen-eller lenge om gongen. Det reknar eg med at alle forstår. Han har mobilen sin med seg.
Der var to andre på rommet i dag, minst ein av dei venta på at han skulle få fare heim. Prata mykje med han.

Ingen kommentarer: