tirsdag, januar 31, 2017

Dagbok 2016: 31.januar

Klokka er 18.15, temperaturen er minus 1 grad, og det har vore ein fin dag. Sola kom til oss ca klokka 10 og var her til kl.16, med ein liten pause bak Melshornet frå 12-13. Sola gjer mykje for varmen i huset, og ikkje minst er lyset kjærkome etter ein særdeles mørk vinter. Markene var rima i dag tidleg, men der sola fekk sleppe til kom den enno grøne plenen fram.
I dag har vi ikkje hatt besøk, men vi greier oss no ein dag utan også. I morgon klokka 14.30 kjem kreftsjukepleiaren innom. Torsdag kjem heimesjukepleien klokka 11.00, og så kjem Einar eit par timar etterpå. Han skal følgje Nils til frisøren så han endeleg skal få klipt seg. Eg har bestilt time, så han skal sleppe å sitte og vente.
Sundag leita eg i timesvis etter nokre papir eg fekk av han som selde støvsugaren til oss. Han lova nemleg å skaffe posar når vi vart lens. Eg var sikker på at eg hadde lagt papira i ei bestemt skuffe, men fann dei ikkje. I dag opna eg samme skuffa, og fann papira med ein gong, men det låg noko oppå. Nils ringde seljaren, og han skulle komme med posar i løpet av veka. Og dett var dett. Eg ringde frisøren, og så måtte eg ringe tannlegen og avbestille timen til Nils den 13.februar, eg har time samme dag, men reknar med å møte opp.
Ja, eg har ringt både hit og dit i det siste, som regel er det Nils som må bruke telefonen, men no begynner eg å venne meg til å ringe, eg også. Har aldri likt å ringe til folk eg ikkje kjenner. Eg brukar heller mail og meldingar på data.
For å spare nokre kroner har eg meldt meg ut av eit par organisasjonar som eg ikkje hadde "bruk for".Det gjorde eg enkelt og greitt på mail.
Av husleg arbeid har eg i dag baka brød, stroke klede, shina opp kjøkkenet og laga mat. I dag fekk Nils "Pasta carbonara" med skinkeboks i staden for bacon. Det har han likt før, og det åt han i dag også. Til belønning fekk han fruktcocktail med dia-is. Han er så glad i dessertar no. Det har vi aldri brukt å ha så mykje av. Til "forfriskning" har han fått smoothie av eplejus og frukt. Han har vore relativt bra både i går og i dag.
Eg har strikka ferdig ein lest i dag, det var ikkje så mykje att. No må eg legge opp eit nytt spøt-det restegarnet til Solveig varer og varer.......
Og så har eg lese ei plate av ei av bøkene eg fekk i går, då er det berre to igjen.
Og der ringde det på døra.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...