mandag, januar 30, 2017

Dagbok 2017: 30.januar

Klokka er 18.30, temperaturen er ca. 0 grader C og ute på kveldshimmelen konkurrerer Venus med ein liten månesigd om kven som lyser mest. Eg held ein knapp på Venus.
Denne dagen har gått så fort at eg kan knapt forstå at kvelden er komen.
Vi ligg lenge om morgonen, som før sagt, men eg var no oppe, hadde kledd på meg  etc. etc. då det ringde på døra klokka 10.00. Det var heimesjukepleien. Både Nils og eg var sikre på at vi hadde avtalt tysdag, men der tok vi nok feil. Vi tok imidlertid ikkje feil av klokkeslettet, som vi har bestemt til kl.11.00 fordi vi skal få tid å summe oss og ete frokost  før ho kjem. Men det er nye folk heile tida. 
Ho som kom i dag var grei, ho sa at kunne kome att om ein time. Nils får nokre voldsomme sveittebyger om morgonen og vil vere ferdig med det før han får dusja og stelt seg. I dag gjorde han det meste sjølv, men ho var der med han og passa på at han ikkje dett på badgolvet- det er min store skrekk.
Etter at heimehjelparen hadde reist, bytta eg på sengene og vaska soverommet. Ei av nabodamene kom på besøk og vi vart sittande å prate ei stund. Så laga eg middag, og i dag, endelig, ville Nils ha silda som eg hadde kjøpt. Eg laga rabbestappe til og kokte poteter. Nils åt ein heil sildefilet, mens eg åt 1,5. Berre barnemat mot kva vi åt før i tida då begge var friske.
Eg hadde kake igjen enno, så det vart kaffi og kake til dessert i dag også. Janne kom med tre bøker som dei hadde lagt til side til meg på biblio, så eg har sete og rippa ei heil stund, mens eg strikka og las ferdig boka eg heldt på med.
I morgon har vi ingen spesielle planar, men onsdag kjem kreftsjukepleiaren innom, og torsdag kjem heimesjukepleiaren igjen og så kjem Einar for å følgje Nils til frisøren så han endelig kan få klipt håret sitt. Litt av eit program for gammalt folk. I dag harNils snakka med systra si i telefonen.
No må eg få inn att soveromsgolvteppa .

Ingen kommentarer: