søndag, januar 15, 2017

Dagbok 2017: 15.januar

Eg hadde lagt ut brød til småfuglane i dag, men her kom ein himmelens hærskare av unge måsar og åt opp alt, det er dei som har trakka vekk snøen på rekkverket.

Klokka er no 19.30, temperaturen er minus 2-3 grader C. Det har vore ganske fint vêr i dag, med lite nedbør.
Eg har vore heldig som har hatt Rasmus her desse dagane det har snødd så fælt, for snøfresaren har eg aldri prøvd ein gong. Han freste heile tunet i dag, mens eg moka trappa og litt til med spade.
I dag måtte Rasmus jobbe litt med skulearbeidet sitt på data, men vi fekk god tid til å prate og drikke kaffi også. Frå ca. 14-16 besøkte vi Nils, han hadde nettopp ete middag så vi vekte han frå middagsluren. Han let vel at han blir friskare for kvar dag. No har han laptoppen sin på nattbordet og kan sjå TV på den- blant anna. I morgon skulle der komme frisør såpass han får klipt håret sitt. Det var eit lite problem då han var heime, for han orka ikkje å fare til frisør. Han vil no gjerne heim så snart som mulig, men eg seier han må vere så lenge som han får-det er betre sørvis der enn heime. Man går litt med rullator kvar dag, meininga er at han skal trene seg opp.
Han har eit romsleg einerom med eige bad og nydelig utsikt mot vest.
Då Rasmus og eg kom heim att, varma vi opp att ballj og kjøt frå fredag og åt eit mildest talt kraftig måltid. Trur det blir ei stund til eg får lyst på meir av den sorten. Eg var nesten avvand med å ete , men appetitten tok seg kraftig opp når eg fekk selskap.
Rasmus skal reise i morgon ettermiddag/kveld, og er ikkje i Kongsberg før ved midnatts tid, for han må vente 3 timar i Sogndal. Han bryr seg ikkje så mykje om det, for han kan jobbe frå brettet sitt om han vil.
Omtalen av pensjonistmøtet som eg skreiv og sende til avisa, kom ikkje i laurdagsavisa, så no håper eg på at det kjem tysdag. Annonsen stod i avisa, men det er ikkje sikkert alle såg den. Viss de som les dette kjenner ein pensjonist her i Ørsta, så minn dei på at møtet tek til klokka 15.30 komande onsdag.
Mens eg har Rasmus her, skal eg utnytte han og få julepynten opp på loftet.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...