onsdag, januar 11, 2017

Dagbok 2017: 11.januar.

Klokka er 18.10, temperaturen er + 2 grader C og i dag har vi hatt både regn og sludd. Det vesle gløttet av blå himmel vi hadde i går får vi visst leve lenge på.
I dag hadde eg eit par jobbar som måtte gjerast. Eg begynte med å støvsuge alle teppegolva; sidan eg venta på at Nils skulle ringe måtte eg halde meg inne og passe telefonen.
Etter at eg hadde snakka med han og fått vite at det stod relativt bra til, gjorde eg ferdig støvsuginga, før eg gjekk ut i garasjen og begynte å kløyve ved. Eg kløyvde tre sekker med ore-ved til opptenningsved, så no har eg ei stund. Så rydda eg litt i garasjen slik at bilen kan køyrast inn att.
Mens eg var i garasjen kom Marit att frå Volda, ho hadde vore på røntgen og så hadde ho besøkt Nils med det same. Ho hadde vore der etter legevisitten, så ho kunne fortelje at Nils skal skrivast ut på fredag og overførast til sjukeheimen i Ørsta. Eg er glad for at dei ikkje sender han rett heim, for det er han ikkje frisk nok til. No er planen at han skal vere på sjukeheimen og få opptrening, blant anna.
Eg har høyrt og lese mykje om samhandlingsreforma, no får eg sjå den i praksis. 
Og no kan eg lett besøke han, det er ein høveleg spasertur fram og tilbake til sjukeheimen.
Eg gjekk litt for tynnkledd ute i slapset så då eg var ferdig i garasjen gjekk eg rett i dusjen for å få varmen i meg. Hadde fått på meg minimalt med klede då telefonen ringde og eg måtte ta ei relativt lang samtale. Ikkje før var eg ferdig med samtalen så ringde det på døra. Eg var først frista til ikkje å late opp, men då det ringde kraftig ein gong til ropte eg "Kven er det?"- "Eirik" var svaret. Då var det den kjekke guten som hadde vore i Ørsta og handla, og hadde funne ut at han kunne ta mormora med seg til Volda!  Eg fekk på meg klede i ein viss fart og så for vi bort på sjukehuset til Nils.
Og i dag var eg ekstra glad for å sleppe å gå ned til bussen, for eg var låk i ryggen og vêret var ufyselig. (Eg blir låk i ryggen når eg må bøye meg mykje- elles går det bra)
Då vi kom bort til Nils var Håkon der, og etter ei stund kom Margrete, som køyrde meg heim att. Vi stoppa på Amfi, så eg fekk hente medisin på apoteket og handle litt mat.
Ja, det står ikkje på når ein har så mange gode hjelparar!
Nils meinte at eg treng ikkje besøke han i morgon, men vi får no sjå. For andre blir det kjekkare å besøke han på sjukeheimen, trur eg, særleg viss han får enkeltrom.
No har han tre karar til på rommet som er relativt oppegåande, så han har bra med selskap. Den eine kjende han frå før. Men det er stilt om natta, så då får han ro. Han hadde ete bra til lunsj i dag. Middag skulle han få klokka 16.00.Så det ser ut til at det går seg til denne gongen også. Han hadde ikkje hatt så mykje feber i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...