Eg rekna med at det blei meir besøk frå ytre no etter at tunnelen er opna,og vi har alt merka det.
Laurdag var Håkon på sonesamling i Volda, og då vart både mora systra med ein tur.Faren køyrde Håkon til Volda, mens damene var mest her hos oss.Ut att køyrde dei tunnelen og var heime i løpet av 40 minutt.På Bjørnaset får dei no aller størst utteljing, sidan dei før måtte ta omsyn til 2 ferjer som ikkje alltid korresponderte like godt.
I dag har eg vore til tannlegen for andre gong og så skal eg bort att onsdag . Det er same tanna det gjeld. Tannlegen held til i Volda, så det blir ein del turar dit.
Einar har vore her ein snartur i dag. Han ville ha morfaren med for å kjøpe bruktbil. Dei enda opp med ein Opel Vectra. Lars var til Sørlandet i helga og kjøpte bil, det var ein Opel Vivaro.Wenche har ein Opel Astra,så no er det mange Opelar i familien. Det er vel tilfeldigheit meir enn prinsipp?
Skal prøve å få lagt inn bilde seinare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
7 kommentarer:
Ja, det blir ei ny tidsrekning no. Såg reportasjen på Vestlandsrevyen og Dagsrevyen, Svein tok opp innslaget på DVD-spelaren. Bursdagsfeiring her også i helga.
Eidabesta
I kveld sat eg og såg litt på nrk 2 medan eg heldt på med Rocky Road to Dublin (ja, det er ei blokk...)Det var eit interessant program om dagbøker frå 1998. Har du sett det? Eg kom til å tenkje på det då eg las siste innlegget ditt. Du er ein god dagbokskrivar!
Så lenge mamma levde, skreiv eg brev til henne minst ein gong i veka og fortalde om smått og stort som skjedde hos oss.Då ho døde vart det eit sakn å ikkje kunne skrive desse epistlane lenger. Det var då eg begynte å skrive dagbok og har gjort det sidan.Her i huset blir dei ofte brukte som oppslagsbøker når ikkje hukommelsen virkar skikkelig.Nokon litterær verdi har dei ikkje.
Bloggen blir ei litt annleis form for dagbok.
Eg begynte å skrive blogg fordi eg syntest eg sat og skreiv mailar i aust og vest som handla mykje om det same. Så det var i første omgang ei form for rasjonalisering.Så får vi sjå kva det utviklar seg til.
Har eg skifta namn. Berre sjekkar.
Går ut i frå at du meiner bloggnamn. Solveig har du vel elles heitt heile livet?
Ha, ha. Skal prøve å fornye bloggen min litt + Mat og helse sida på skulen. Ville helst hatt ein lærar å lære på gamlemåten, no er det berre nettlærin som er "in".
Legg inn en kommentar