mandag, februar 04, 2008

Leselyst ?


Her er dei tre lydbøkene eg har inne for tida. Var begynt på Hæsselby-men la den til sides då eg fekk Ligge i grønne enger, sidan det var venteliste på den.No nærmar eg meg slutten, men eg trur ikkje eg kjem til å endre meining ....dette er eit makkverk- berre pjatt, kunne like godt ha skrive det sjølv!Derimot gler eg meg til å lese Rampejenta. Eg kjenner ikkje denne forfattaren frå før, men han skal vere bra. Les ikkje så mykje no sidan eg greier å sitte oppreist lange stunder om gongen og strikke.Held på med eit par tynne Regialester. Det er alltid ein kvan som har fødselsdag!

6 kommentarer:

arieldog sa...

Eg las "Ligge i grønne enger" siste dagen i solsenga i august, og det var akkurat passande lektyre der og då. Det gjekk fint å passe fire ungar samtidig, for å seie det slik.

solveig sa...

Eg har også kun lese Ragde si bok. Trur ho held slutten litt open så ho kan skrive ei til om ho skulle bli pengelens.

Besta sa...

Trudde det skulle gå fort og greitt unna med Ragdeboka sidan den berre er på 7 CD-ar. Det er berre det at eg somnar heile tida!!No er eg ferdig med plate nummer 5 og då begynner det å SKJE noko. Bibliotekaren var også "redd" for at det kunne bli fleire bøker.Vi har nokre pocketbokseriar...........

Besta sa...

No har eg lese ut boka, den kom seg litt på slutten.Men her har ho heil-gardert;ingen ting er absolutt avslutta. På ei gammaldags forteljing skal alt "falle til ro" på slutten, og det gjer det ikkje her.
(Min favoritt-forteljar er gamle gode John Steinbeck!!)
Målte pannekakejernet til 22cm innvendig mål. Ikkje så veldig stort, men så steiker det på begge sider samtidig. I morgon skal vi prøvekjøre med svensk badsturøkt bacon til. Det er jo "Feitetysdag" - som i Ørsta heiter "Grautatysdag".Men det er ikkje noko å bry seg om. Skikkane har vore så ymise rundt i landet.

Anonym sa...

Eg har også lese boka, var litt skuffa eg og, men tykte at begr.agenten kom godt ut av det, gled meg til å sjå han att i den nye serien. Eidabesta

Besta sa...

Ja, han var ein av dei som bar serien, og så viser han evne til å forandre/ fornye seg. Men eg tykte Erlend blei veldig latterleggjort i denne boka.Meir som ein karikatur. I serien var han ikkje slik. Heldigvis.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...