I dag har eg gått her og tusla åleine heile dagen, men det gjer ingen ting for så fekk eg gjort litt arbeid. Eg har to solbærbusker og bæra på den størst og eldste har vore modne ei stund. I dag tok eg meg sammen og plukka bæra og klipte greiner i samme slengen. Bæra var lett overmodne så eg trur dei høver best til saft. Eg har sett dei i frysaren, så kan Solveig få dei om ho vil. Eg har ei mindre og nyare solbærbusk også, der har eg ikkje plukka bæra enno.
På bildet her er buska ferdig klipt, og som de ser må eg alltid ha ein stol innan rekkevidde. Dette området attmed kompostbingen er alltid fullt av ugras og anna rot.Der er flust opp med skvallerkål og ikkje berre det men brenne-nesler også. Men i dag gjorde eg ein kjempejobb i dette området. Heilt ferdig blei eg ikkje -men det kom seg. Eg må vere litt forsiktig når eg held på nede på muren, for der er det lett å dette. Eg fekk ein stor sekk full med rusk i tillegg til det som hamna i kompostkassa.
Eg var rimeleg sliten og svolten då eg var ferdig, så var det berre å finne seg litt mat. Etter at eg hadde ete slappa eg av framfor TV-en, men no fekk eg ikkje sjå Netflix lenger, eg såg i går.Så vart det ein tur på Vernet i dag også. I dag trefte eg eit ektepar som eg kjenner, og prata litt med dei.Marit var ned og plukke seg rips til dessert i dag, eg kjem ikkje til å plukke så mykje av den, eg har fleire årgangar med rips og andre bær i frysaren. Eg tek ikkje fram slikt når eg er åleine og så blir det liggande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar