onsdag, mai 18, 2011

Vermelding 18. mai - 2011

 Klokka er ca 13.15, temperaturen +11-12 grader C og det er vått og utrivelig ute. Sommaren som vi hadde forsvann fort. Det vart til at vi heldt oss heime i går, eg var forferdelig giktisk og Nils hadde eit vondt kne, han har tatt det litt hardt med grasklipping og er ikkje så ung lenger som han trur. Vi steikte oss sei til middag, men fann litt dessert. Vi er ikkje så opptekne med 17.mai-feiring at det gjorde oss noko å stå over.
Hadde lyst å reise til Leikong, der Øystein heldt tale, men orka rett og slett ikkje å ta ut.
I dag har vi vore ein liten tur nedover og handla litt, og no skal vi ete ein tidlig middag. I dag blir det spekemat med poteter og salat.
Kjøpte ananaspå Europris i dag. Visste at Ananas biter, men når dei begynner å  bite i eigen juice, då er det skikkelig gale.

2 kommentarer:

solveig sa...

Å bite i det sure eplet har eg hørt om, men ..
Det er fine fargar i regnveret!

Besta sa...

Det er hagen til leigebuaren-om du ikkje forstod det. Ho jobbar i plantesenter.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...