tirsdag, mai 17, 2011

Vermelding 17. mai - 2011

Klokka er 12.30. Temperaturen er + 8 grader og det er eit trasig ver.Skodde og regn. Siste månaden har vi hatt veldig mykje fint ver, så dt er litt surt at den 17. skulle bli så utrivelig. Ikkje verst for oss, vi kan godt vere inne og fyre i omnen, men eg tenkjer på alle som både vil og må vere ute, ungar som skal gå i tog, og ikkje minst alle som spelar i korps. Her var det heldigvis opplett så lenge barnetoget var i sving.
Nils er plaga med eit kne etter at han tok det litt hardt med plenklipping, og eg er aldri heilt bra i slikt ver, så hittil har vi halde oss inne og fyrt i omnen! Men det kan hende, viss vi føler for det litt seinare, at vi tek ein tur til Leikong, der Øystein skal halde tale for dagen.Då må vi køyre gjennom tunnelen og ta av i krysset der vegen går til Måløy.Det er ikkje så langt. Vi får sjå kva det blir til. Å gå og trakke nede i Vik blir i alle fall ikkje aktuelt.Håper alle har ein bra dag-uansett ver og føreforhold. 

1 kommentar:

Hildegard sa...

Her har det vore ope hus som vanleg, spesielt kjekt å kunne samlast inne når det er kaldt og regn ute. Kristoffer sit på hybelen i Ålesund og les til eksamen, elles har alle barnebarna vore innom. Ha ein fin 17.mai kveld. No skal vi slappe av med ein film.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...