fredag, mai 13, 2011

Vermelding 13.mai-2011

 Klokka er no 19.00. Eg har vore utan blogg i heile dag, og eg ser at blogginnlegget frå i går har forsvunne.Kanskje dukkar det opp att. Kva veit eg? Eg blir nokså frustrert kvar gong eg kjem ut for datatrøbbel, men i dag kom det i alle fall melding på skjermen, slik at eg visste at det ikkje var min feil.Det har vore ein relativt lang dag, sidan Nils stod opp grytidlig og for ut for å fiske.Eg var heller ikkje sjusovar i dag, men kom meg opp og fekk gjort både det eine og det andre før han kom heim i 11-tida. Det blei tidlig middag med småsei i store mengder.Han hadde ute liner i dag, og fekk både langer og brosme, men ikkje så mange av kvar sort. Pigghå fekk han også, men det er ikkje noko vi set pris på. Prøvde å ete det ein gong, men det var mislykka. Og etter småseien vart det middagslur! Seinare var vi ute i hagen og planta litt, før han måtte filetere fisk. Då gikk eg inn og las i boka mi. Held på med "Den urolige mannen" av Henning Makell, den siste boka om Kurt Wallander.
Det er stilt og fint ute  no, overskya og litt regn. Temperaturen er +11 grader C.
Ønsker alle ei god helg! 

Denne buska planta vi i dag. Eg tykte det var så fint med litt farge mellom alt det grøne, dei raude blada blir etter kvar grøne, men så kjem det nye raude blad neste år. Vi håper i alle fall det. Ser at den ikkje er så veldig herdig, berre H-3.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Litt trist at det er slutt på det varme veret for denne gongen, men det gjorde godt i hagen at det kom litt skikkeleg regn. I dag kom studenten frå Bergen med bussen. Han vil feire 17. mai på N.eid. Hadde ei kjekk stund her før dei som hadde vore på arbeid kom og henta han, det blir vel langhelg på dei fleste. God helg!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...