fredag, mai 27, 2011

Firestjernes middag ?

Som før nemnt er både Nils og eg ivrige tilskoderar når "fire kjente fjes" skal lage middag til kvarandre på TV. Noko eg har lært av dette programmet, er at det meste bør lagast frå grunnen av-halvfabrikata er forbode, eller i alle fall nesten.
Sist onsdag viste kokken oss kor lett det er å lage sin eigen majones. Eg har i minne korleis mamma sat og rørte og rørte i timesvis når ho ein sjeldan gong laga majones. Eg var på apoteket og kjøpte olivenolje, for slikt var ikkje å få kjøpt i butikkane. (No er det ein heil vegg med diverse oljar på Coop her).
Eg fikk lyst å prøve om det var så lett som kokken sa, og det var det! Det gjeld å ha ein stavmiksar og ein beholdar som passar til. Resten går av seg sjølv. Eg fann oppskrift på nettet. EIN feil gjorde eg, eg tok for mykje sennep i, det er betre å ta for lite og ev.fylle på med meir.
Så stod eg att med to eggekvitar, og av dei laga eg marengsbotn som eg kan bruke til Pavlovakake eller til "desserten min". Alt saman var gjort på ei lita stund. Eg hadde eggekvitane i eit litermål og brukte handmiksar, så det vart ikkje mykje oppvask heller.
Tidlegare i veka laga eg is av eggedosis og krem.Fann ei skulekjøkkenoppskrift. Heilt perfekt og fort gjort. Hadde fløyte som gikk ut på dato, så eg måtte bruke den.Poenget mitt er at det å lage ting frå grunnen av slett ikkje er så vanskelig eller tidkrevjande som ein skulle tru.
http://ordentligmat.no/2009/11/hjemmelaget-majones-pa-to-minutter/

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg laga majones i fjor sommar og syntest heller ikkje det var vanskeleg. Den eigna seg nok best som basis i andre rettar. Ein må vel øve før ein treff heilt. Kvitløksmajones, aioli, er også godt å lage sjølv. Eg brukte min til coleslaw.

Besta sa...

Det var nok noko heilt anna den gongen dei måtte røre med hand. Det er vel på den bakgrunnen vi har fått inntrykk av at det er vanskelig.

solveig sa...

Kanskje tida gjekk saktare og?

Hildegard sa...

Kjekt å følgje med på matprogram. Eg er nesten avhengig av å sjå Wenche kvar morgon. 4 stjerners middag er brukt blant dei unge jentene her når dei skal treffast.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...