mandag, mai 30, 2011

Vermelding 30. mai - 2011

No er klokka ca 17.00, temperaturen + 13 grader, det er regnbyger med sol innimellom og  litt vind.Sist natt snøa det ned i dei høgaste fjelltoppane her i Ørsta. Yr.no hadde lova oss full sol i dag, så vi var litt skuffa då vi vakna til plaskande regn. Vi hadde nemlig tenkt å rydde og plante på den nye muren i dag. Men så kom vi på, liksom i kor, at ingen av oss nokongong har vore på Nerlandsøya der Solveig brukar å kjøpe plantar kvart år.
Nerlandsøya ligg i havet vest for Fosnavågen, for dei som ikkje er orientert. Vi hadde ikkje så mykje peiling vi heller før vi sjekka kartet.Vi tok laus i halv 12-tida og køyrde utover gjennom Fosnavåg og over ei bru.Då kom vi altså til Nerlandsøy, og det første vi såg var gartneriet.Men sidan vi var komne så langt , ville vi også sjå ut til Kvalsvik der vegen sluttar.
                           Her er vi komne til vegs ende- det skjer ikkje så ofte.
 Vi skulle ta bilde på tilbaketuren, men då kom det sjølvsagt ei byge med både vind og regn, så det vart ikkje heilt som forventa. Her ser vi ut mot havet, til høgre ser vi øya Runde.
Her er Kvalsvik, ein stad som faktisk er litt større enn eg trudde.Vegen ut dit var ganske smal, om lag slik vegen mellom Måløy og Raudeberg var i gamle dagar.
Tilbake til Nerlandsøy City (veit ikkje eksakt kva staden heiter) fann vi fram til garneriet som var fullt av herlige sommarblomster av god kvalitet. No brukar eg ikkje å kjøpe så mykje slikt, men fall for freistinga å få det nye beddet fint med ein gong, så får eg litt tid å planlegge kva som vidare skal skje.På mange av gardane rundt omkring hadde dei hundrevis av levande plenklipperar på fire bein. Mest av den ville sorten.
 På veg tilbake til Fosnavågen køyrde vi over ei høg bru, og det bles, så eg torde ikkje å gå ut av bilen for å ta bilde. Eg er veldig fascinert av havet, men helst på avstand.
 Vi rusla litt rundt i byen Fosnavåg, men kjøpte ikkje noko. Derimot var vi inn på Fosnavåg Brygge restaurant og kjøpte oss eplekake og kaffi.Der var innredninga i sjøbud-stil og diverse maritime ting på utstilling.
Bildet blei ikkje heilt vellykka, men det var i alle fall eit lekkert "måltid". 
Siste stopp før vi forlet byen, var fiskeutstyrsbutikken til Dyrkorn.Det er alltid nok Nils treng til fiskeriet sitt.
På heimvegen stoppa vi på Pekas, ein sånn billigbutikk som har ALT, den ligg rett før krysset der vegen går til Måløy. Der er det også eit plantesenter, der plantane såg ut som dei trengde å gjenopplivast. Forstår ikkje korleis så mange plantesenter kan bestå. Her i Ø har vi tre store og diverse små.
Då vi kom heim fann Nils ut at det var relativt tørt i graset, så han har sett i gang å klippe plenen.Etterpå åt vi salta lange til middag.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt at de tok turen ut dit! Forandring fryder! Vi er også alltid på kafe og et kaker. For to år sidan var vi på den de var på. Dei to siste på Marilyn*s (??) ei engelsk dame, trur eg som driv. Vi kjøpte nydeleg ostekake med bær.

Hildegard sa...

Kjekt at de tek dykk ut, fint å køyre bil når det er overskya og kjøleg. Fine bilder.

Bjørg sa...

I sommar blir vi ein del på hytta. Særleg frå midten av juli.
Håper de stoppar viss de ser vi er der.
No blir vi på hytta litt i veka før pinse. Då skal eg ta mot misjonsforeininga og innvandrartreffet, begge grupper på utflukt til hytta. Måndag og torsdag.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...