mandag, mai 23, 2011

Vermelding 23. mai - 2011

Klokka er no14.30. Temperaturen er + 14 grader C, det er opplett, med små solgløtt og det blæs.
Vi har nettopp ete middag og no skal vi ha oss ein pause. Middagen i dag var steikt lyr; Nils fiska frå land laurdag kveld og fekk ein stor lyr, så vi har middag i to dagar av den.
I dag hadde vi litt divergerande meiningar om kva jobb vi skulle gå på, så det vart at han styrte med sitt og eg med mitt. Han var stad og henta sand som vi skal bruke når vi skal fikse muren ved garasjen. Eg sette i gang å rydde klesskapa mine på datarommet, med lydbok på dataen. Ikkje så verst arbeid når ein har underhaldning til. Fann igjen diverse klede som eg hadde gløymt at eg hadde, blant anna 5-6 T-skjorter som knapt var i bruk i fjor sommar. Veit ikkje om eg er så veldig glad for det i grunnen....kjekt å MÅTTE kjøpe noko nytt.Fylte ein sekk som skal på innsamling, men synest ikkje det minka så mykje i skapa som eg skulle ønske. Sorterte ei heil plastkasse med strømpebukser og knestrømper. DET var festlig, det. No har vi det varmt og godt i stova, mens vi fyrer med gamle strømpebukser. 
Føler i alle fall at eg har gjort ein JOBB i dag-og håper eg kan inspirere andre..........
Stativet med blomster fekk eg av Solveig tidlig i vår, då med perleblomster. No har eg bytta dei ut med rosa busknellikar.
I dag vil eg gratulere Astrid, veninna mi, med fødselsdagen!

4 kommentarer:

solveig sa...

Fine nellikar. Eg reknar med du grov ned perleblomstrane. Det var slik eg såg føre meg "krukka", lett å skifte etter årstida.

Besta sa...

Klart eg planta perleblomstrane. No ventar vi berre på ver, så vi kan få rydda opp i hagen.

Hildegard sa...

Vi måtte fyre i omnen også i kveld. Trist med verandakassene i regnet, ikkje freistande å plante noko, men vi får ikkje gje opp håpet om betre ver endå...

Besta sa...

Vi fyrer litt i omnen kvar dag, og vi har diverse prosjekt som skulle vore påbegynt for lengst -i hagen.Vi treng ein skikkelig sommar no etter to harde vintrar med lite varme imellom dei to.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...