tirsdag, mai 24, 2011

Vermelding 24. mai - 2011

Klokka er 12.00. Temperaturen er + 7-8 grader C og det regnar verre enn nokon gong.
Eg skulle eigentlig vore ute og sprada i den nye regnkåpa mi i dag, men i staden fann vi ut at no kan vi ikkje lenger utsette mur-arbeidet som vi har planlagt. Muren ved garasjen vart laga eit av første åra vi budde her av ei blanding av stein og sement. Etter kvart har vi fylt på med singel, og bygt muren høgare med lause steinar som vi har lagt oppå. Vi har lenge planlagt å få lagt litt støyp innimellom, og no skal det bli. Det er meir arbeid enn ein skulle tru, for den første muren er ikkje plan oppå, derimot ligg det steinar som anten må vekk eller jamnast med slegge. Nils har litt av ein jobb, mens mitt bidrag mest består av konsulentverksemd. Men regnet vart for voldsomt, så no vart det pause.Kor som er, så var det godt å få vere ute litt.
I dag kom innlegget mitt om Trysilturen i avisa. Dei hadde ikkje fått plass i laurdagsnummeret i lag med annonsen. Eg kontakta avisa, og sende med innlegget med retting dvs. at eg viste til laurdagsavisa. Men trur de dei hadde fått med det? No sit vel folk og leitar etter annonsen i dagens avis, slik der står.
I går fekk eg gjort ein kjemperyddejobb. I tillegg til klede, fekk eg rydda i alle papir seinare på dag. Og kva er det som dukkar opp? Jau, "memoarane" mine, som eg skreiv for mange år sidan. Harddisken som dei låg på, kollapsa fullstendig, og alt gikk tapt. Eg meinte eg hadde tatt ei utskrift av det meste, men papira dukka aldri opp att- før i går. Eg har liksom ikkje hatt lyst å begynne på igjen.Får heller lese over og rette nokre av feila som eg veit er der. No tenkjer eg ikkje på stavefeil.
Veit ikkje kva vi skal ha til middag i dag, må vel grave litt i diverse frysarar, så finn vi eit kvart vil eg tru.
 Seinare: No har vi vore ein tur på byn, og eg har kjøpt med støvlar. Ikkje av det dyraste slaget, rett nok, men greie til mitt bruk. Merket er Roots og prisen er 399kr. (Det høyrest veldig billig ut i forhold til 400 kr).

5 kommentarer:

solveig sa...

Det var bra memoarane dine dukka opp att. Du får koste på dei ein perm!

Besta sa...

Det var eigentlig berre ein råkladd, og eg veit ikkje om eg orkar å lese dei om att sjølv. Permar har eg nok av, så det er ikkje noko problem.

arieldog sa...

God idé å setje dei i ein perm. Stilige støvlar (eg kjøpte sommarklede i går, det var totalt overflødig).

Besta sa...

Eg rustar meg til regn, og håper på sol.

sas sa...

Praktiske støvlar, gratulerer. Kjekt at du fann igjen memoarane dine.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...