søndag, august 22, 2021
Dagbok 2021: 22.august
Queen Elizabeth
-----------------Klokka er no 17.35, temperaturen i skyggen er + 19 grader. Det er nydelig vêr med blå himmel og sol. Det var litt skodde først på dag, men den forsvann.Eg har vore litt tutlete i dag, har stort sett gått og venta på leigebuaren sjølv om eg ikkje gjekk ut frå at ho kom før det leid mot kvelden. No er Ingrid komen, men den eine eller begge foreldra kjem om ein times tid.Eg starta dagen med å lese om att slutten på boka som eg las ferdig i går, og vart så gåande å surre litt før eg kom meg til å stryke nokre klede og bytte til søndagsantrekk.Gjekk ut i hagen ein tur,strikka litt etc.etc. Så fann eg ut at eg kunne lage middag litt tidlegare enn vanleg slik at eg var ferdig med den før her kom nokon. Eg henta poteter av eige avl og skrelte, laga kålstuing og leita fram silda som eg tok ut frå frysaren tidlegare.Sylta rødbetar hadde eg også. Det vart eit herremåltid. Silda var akkurat passeleg salt til at eg kunne ete så mykje eg ville utan å tørste i hel. Der er kanskje nok til eit måltid til i morgon.
Etter ei stund gjekk eg opp til Marit og sat på altanen hennar og prata ei stund, Ingrid kom ei lita stund etterpå.
KL. 19.40: No har mora til Ingrid og Ingrid vore og drukke kaffi og ete is med meg. Vi har fylt ut leigekontrakten og skrive under. Mora, læraren, var veldig kjekk å prate med. No skulle dei bort i Austefjorden og hente ein sofa. Eg har kopiert kontrakten, så alt er i boks. Litt kjekt å ha eit "forhold" til dei som leiger, det har eg ikkje hatt før. Ingrid har ombestemt seg og skal gå på skule i Volda -halde fram på det ho hafdde begynt på.Ho skal ta buss fram og tilbake. Ho vil med andre ord bu her.
Nina Weibull
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar