lørdag, mars 18, 2017

Dagbok 2017: 18.mars


Klokka er 20.20, temperaturen så vidt under 0 grader. Det hadde frose litt is på vegane då eg kom heim for ei lita stund sidan, men det gjekk bra. Bilda tok eg i dag tidleg, mellom 9.30 og 10.00, som de ser hadde det kome ein del snø sist natt, men mykje smelta i løpet av dagen. Eg hadde gummistølar då eg var ute etter avisa i dag, men seinare kom naboen og moka både trappa og ein liten veg til meg.
Nils ringde på føremiddagen, han var ikkje heilt i form, sa han, men han hadde fått dusja, og det var han glad for. Han er vant til å dusje kvar dag, så han føler seg ikkje vel når det går for lang tid imellom bada.
Einar skulle besøke han først i dag, og så skulle eg gå utover litt seinare. Mens eg gjekk nedover prata eg med Rasmus i mobilen eit langt stykke, men måtte slutte av, for eg var redd mobilen skulle bli tom for straum. Først etterpå kom eg på at Nils har laddar på rommet sitt, og vi har like telefonar. Rasmus har vore i Praha på skuletur denne veka. Der var det + 18 grader C, det vi kallar sommar-temperatur.
Det var bra tima, for eg møtte Einar i døra. Eg var litt spent, men Nils var i bra form, og dei hadde sett skisport i lag, sa han. Ja, det var ein heilt annan Nils i dag enn i går, men då hadde han hatt ein strevsom dag. Vi såg hopprenn i lag i dag-heilt fantastisk å ha ein stor skjerm med interessant program når ein ligg til sengs. For min eigen del må eg seie at eg aldri før har sett så mykje sport på TV som denne vinteren, heime, på sjukehuset og på Ørstaheimen. Eg vart verande til Nils hadde fått kveldsmat, i kveld fekk han gryterett med potetstappe til og brød ved sidan av. Eg fekk kaffi og så måtte eg ete ei halv brødskive av maten til Nils. Trur han likar at vi et i lag.
Eg slit med å halde orden på dagane - og i dag har det liksom vore sundag; det endatil eg vaska golv på føremiddagen.
Trur nok Nils kan ta imot besøk på dagtid. Eg kjem til å fare utover på ettermiddagen og vere litt utover kvelden i morgon også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...