søndag, mars 19, 2017

Dagbok 2017: 19.mars

Klokka er 21.10, temperaturen er + 3 grader C og det regnar. Håper snøen forsvinn fort no.
I dag var eg heime heile føremiddagen til klokka 14.30. Eg fekk rydda litt i huset, noko som det var behov for, og så fekk eg lagt opp ei svart bukse; likar ikkje å sy i lampelys, i alle fall ikkje svart.
Laga meg litt mat også, før eg forlet heimen.
Nils hadde hatt besøk før eg kom også, og mens eg var der, kom tre kjekke barnebarn innom ein liten tur før dei skulle heim til Margrete. Når eldstemann har eigen bil, er dei fri til å komme når det passar. Morfaren set veldig pris på at dei stikk innom.
Nils har det ikkje direkte vondt, men har er heilt avhengig av hjelp til det meste. Eg hjelper han med litt av kvart når eg er der, men skal han ut or senga må det fagfolk til. I dag sette han pris på å få barbere seg med skum og høvel, barbermaskin blir ikkje det samme. Barbering i seng er ein akrobatisk aktivitet
Då eg kom hadde han nyss ete middag (kl.13.00) og vi rekna med å få kaffi og kaker i 16-tida, sidan det var sundag. Men i dag var det eit kvart som klikka, for det kom ingen kaffi. Eg prøvde meg på kaffiautomaten, men fekk berre ein liten skvett. No hadde Nils rettnok både bananar og næringsdrikk tilgjengelig (heimanfrå), men han skal jo ha i seg mest mulig mat. Han var så kry i dag , for han hadde lagt på seg 1,5 kilo, og no har han lyst på mat for første gong på mykje over eit halvt år. Eg tilbyr å ta med mat til han, men det vil han ikkje. Då han endeleg fekk kveldsmat var det berre tynne skiver, så han bad om meir. Så tok han ein banan og ei flaske næringsdrikk etterpå.
Det er litt labert på heimen i helgane, men i morgon skal han trene med fysioterapeut. Eg kjem til å fare nedover på ettermiddagen ein gong, men må først ordne opp med diverse. I kveld var eg der til klokka var nesten halv 9,så det blei mykje TV-sport. Men eg synest det er bra at vi kan ha såpass mykje tid i lag, det normaliserer livet vårt.
19. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag(1878)-så då tenkjer eg alltid på henne. Ho fekk leve til ho var 91 år.

Ingen kommentarer: