søndag, mars 12, 2017

Dagbok 2017: 12.mars

Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 7 grader, det har regna litt av og til, men det har vore mest opplett.
Ingen dagar er like, verken på den einemåten eller den andre. I dag skulle gutane til Margrete spele på ein basar på "bygda", og Margrete ville komme ein tur på sjukehuset etter basaren. Derfor utsette eg besøket til Nils til utpå dagen, sidan Margrete ville køyre meg heim.
Eg hadde ikkje fått shina opp huset til helga, så det vart litt golvvask etc. før middag, til tross for at det var sundag.
Då eg begynte å studere bussrutene, fann eg ut at der ikkje var bussar til Volda mellom kl.13 og 16. Eg tok den bussen som etter ruta går frå Ørsta klokka 15.53. Det er den bussen som går mellom Kristiansund og Volda-den einaste bussruta eg forstår meg på.
Sidan det var sundag gjekk ikkje bussen opp til sjukehuset, og det var det heller ikkje andre bussar som gjorde. Så eg fekk meg ein frisk spasertur i motbakken forbi lærarskulen, der eg traska i min ungdom.
Nils var veldig trøtt og slapp i dag, så han sovna fleire gonger mens eg var der. Han hadde verkt i natt og ikkje hatt det så godt, så det var vel ein av grunnane. Eg let han berre sove, og hadde vore lur nok til å stikke lydboka ned i veska. Eg veit ikkje om han hadde fått antibiotika før på dagen, men dei kom og sette på drypp mens eg var der. Kanskje dei greier å få  han på beina enda ein gong. Det er femte gongen han ligg der no, første innlegging var på 80-årsdagen.
Etter kvart kom Margrete og Amanda. Amanda skulle opp på hybelen sin hos farmora, så det vart til at vi alle tre besøkte Ruth og prata med henne ei god stund. Eg har så ofte tenkt at eg skulle besøke henne når eg likevel var så nær, men som regel er ein avhengig av bussruter eller andre som fraktar meg hit og dit.
Det var litt trasig at det blei sjukehus igjen, det var kjekkare då han var på Ørstaheimen. Men takk og pris for at vi har lokalsjukehuset. Neste gong det blir trussel om nedlegging skal eg gå i fakkeltog-om eg så skal gå åleine. Eg har stor respekt og beundring for dei som jobbar med sjuke folk, dei gjer ein kjempejobb både for pasientar og pårørande.

Ingen kommentarer: