lørdag, mars 11, 2017

Dagbok 2017: 11.mars

Klokka er 21.45, temperaturen ute er + 5 grader C og det regnar litt. I dag tidleg var det kaldt og rim på marka.
I tre veker var Nils vekke, først ei veke på sjukehuset, så to veker på Ørstaheimen. Eg blei vant til å vere åleine heime, og besøkte Nils nesten kvar dag. Sist tysdag kom han heim frå Ørstaheimen, og det såg ut til at det skulle gå bra. Han åt godt og klarte å ta seg fram med rullator. Han fekk medisinane han skulle ha til rett tid, og eg håpa at det skulle gå bra- ei stund. I bakhovudet hadde eg sjølvsagt tankar om at det ikkje kom til å vare så veldig lenge, men at den gode tida skulle bli SÅ kort var eg ikkje budd på. Allereie fredag, altså i går, begynte eg å ane uråd, men sidan han framleis åt, tenkte eg at han kanskje skulle vere betre i dag. Det var han ikkje. Og sjølvsagt vart han sjuk på ein laurdag-då er alt litt mindre enkelt enn midt i veka. Eg ringde heimesjukepleien, og ho kom. Ho varskudde legen, som sjølvsagt hadde mange andre oppdrag før han kunne komme hit.
Eg målte temperaturen, og Nils hadde ikkje feber, men når det no var 5.gong han hadde samme symptoma, visste eg kva som var i vente.
Eg sat og passa Nils omtrent heile dagen, han låg her på dagsenga på datarommet og småsov og eg sat og strikka. Legen kom og undersøkte han og trudde visst ikkje det var så alvorleg, men tok blodprøver med seg for analyse. Nils hadde framleis ikkje feber, men "feberen kjem ikkje før i kveld" sa eg. Det varte ikkje så lenge før legen ringde og sa at det blei sjukehus, for verdiane (infeksjon) var høge. Så fekk eg dessverre rett i det eg trudde.
Det vart til at eg blei med sjukebilen denne gongen, for der var plass. Sjåføren gjekk i klasse med Margrete på barneskulen, og mor hans var kollegaen min, så vi kjende kvarandre og prata heile vegen.
Vi blei verande i mottaksrommet i to timar, det var prøver som skulle takast og undersøkelsar som skulle utførast. Det var ein relativt ung kvinneleg lege, og ho var veldig grundig. Solveig ringde og ville komme innover, noko eg ikkje tykte var naudsynt, men eg lova å ringe når vi var komne på plass,og det gjorde eg.
Også denne gongen ligg han i 4.etasje, i eit fint lite enkeltrom -med TV. Nattevakta kjenner han frå før. Han fekk drypp med saltvatn med det same han kom på sjukehuset, men var ikkje dehydrert. Antibiotika får han når dei har analysert alle prøver.
Han var trøtt og ville helst sove, og då nattsøster målte tempen, var den stige til 38 + akkurat som eg hadde forutsett.
Solveig kom innover og såg til faren før ho køyrde meg heim, eg måtte ta imot tilbodet sidan klokka begynte å bli ganske mykje. Soveig vart med inn og vi åt og drakk kaffi i lag før ho reiste heim.
Eg klarer meg fint her åleine, men saknar sjølvsagt å ha Nils å snakke med. Men eg kan ikkje klare å ha han heime når han verken kan gå eller stå. Takk og pris for at vi har sjukehuset så nær og at der er folk som kan jobben sin. Så får vi håpe at dei får han på beina att denne gongen også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...