I dag vakna eg med vonde hender, eg strikka visst litt for mykje i går. Men eg kom meg litt så eg fekk gjort det eg hadde tenkt. Heile huset stod på ende, så eg rydda og vaska og støvsuga til det såg litt betre ut her.
Så sette eg meg til med sudokuen i Møre Nytt, men eg er enno ikkje i mål. For eg var så heldig at Margrete ringde og så kom ho og Svein på besøk. Dei hadde kjøpt med seg mat ,så det vart både Pizza og kaffi og sjokolade og brus, og mykje god prat.
I morgon trur eg at eg må til Vik ein tur- det er kanskje noko eg treng?Og det kan no vere kjekt å sjå litt på "livet". Når ein berre går her oppe i bakkane så ser vi ikkje så mykje av livet i byen.
Ei grøn førjulstid i år. Sist tysdag var eg ute og rydda opp i hagen, der halve syrinbuska var tatt av vinden.Sjå heilt til høgre på bildet.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar