fredag, mars 10, 2017

Dagbok 2017: 10.mars

Klokka er 22.05, temperaturen ute er + 0,4 grader C, og det har vore overskya og litt regn i dag. Eg har knapt vore ute for ei dør. Eg syntest det var kjekt å få Nils heim att, og glad for at det såg ut til å gå bra. Det var i går.
I dag vakna han slapp og elendig, og kom seg ikkje ut av senga før langt utpå ettermiddagen. Men han har fått i seg bra med mat, og han har ikkje feber. Men så får han mykje medisin!
Heimesjukepleiaren kom klokka 11 som planlagt, og i dag var det kreftkoordinator Solfrid som dukka opp, noko eg var glad for. Ho veit det meste om oss etter kvart, og handlar når ho ser at det trengst.
Håper eg slepp å søke hjelp, men må eg det, så er det Ørstaheimen eg skal ringe. Til dømes viss Nils får feber. Eg skulle ønske han slapp fleire turar med infeksjon, men dessverre er det svært vanleg at kreftpasientar får det. Det som eg synest er litt rart er at han var bra mens han var på Ørstaheimen, og så blir han dårleg etter 2-3 dagar heime. Han har det jo minst like godt her som der.
Det er ikkje lurt å besøke han mens han er så kraftlaus, eg skal seie ifrå om han blir i stand til å ta imot besøk.
Eg synest det er litt vanskeleg å ha ansvar for han, men eg kan kontakte heimesjukepleien om eg ikkje maktar det åleine. Eg passar i alle fall på at han får mat og medisin. No må eg visst finne meg litt mat sjølv også-eg gløymer rett og slett å ete når vi ikkje et i lag. Håper at eg har betre nytt i morgon.


2 kommentarer:

solveig sa...

Det håper vi og!

torbjørn urke sa...

Skreiv kommentar i går, men den kom visst ikkje fra. Tykte det var kjekt å lese at Nils hadde det så godt heime, men dagens rapport var trasig lesnad, håper verkeleg at han kan få krefter så han og de begge to kan ha betre dagar. Me helsar - Marit og Torbjørn