tirsdag, mars 21, 2017

Dagbok 2017: 21.mars

Klokka er21.10, temperaturen er + 3 grader. Akkurat no er det opplett, men tidlegare i dag har det vore regnbyger og det som verre er.
Eg sov veldig lenge i dag tidleg, men eg sov dårleg natta før, og la meg seint i går kveld, så eg tykte eg fortente det.
Det var fint då eg stod opp, og eg tenkte eg skulle gå ut og rake plenen ovafor garasjen , der er det både singel og anna rusk, og der må rakast før dei blå russestjernene dukkar opp. Hadde knapt tenkt tanken før det både bles og regna. Så pussa eg kjøkenglasa i staden, det er ei stund sidan vi såg særleg godt gjennom dei. Elles så styrte eg med diverse anna husarbeid, før eg sette meg til å rippe bøker, mens eg las ferdig Faldbakken-boka og strikka på ein lest, som vanleg.
Då klokka var ca.15.00 gjekk eg ned til Nils, og var der til ca. 20.30. Jørn og Matias hadde vore på besøk tidlegare i dag, og Nils hadde vore på trim i lag med dei andre. Og så hadde der vore nokre som song til/med dei. Det kom ingen andre mens eg var der, før Håkon dukka opp. Nils tek gjerne imot besøk -også når eg er der. Det er ikkje slik at eg treng å ha han for meg sjølv heile tida.
Eg insisterte på å GÅ heim, eg driv og testar ut ulike "ruter" for å finne ut kva for ei som er den kortaste i tid. Det er sjølvsagt berre tull, men eg likar å teste ut forma, som faktisk er betre enn på lenge. Håkon var att hos Nils då eg gjekk, dei har ei stor felles interesse i fisking.
No må eg sjå om eg finn meg litt saltmat, for det har eg ikkje hatt i dag.
Påskeliljene i vinduskarmen til Nils var det Marit G. som kom med i går, då var det berre knoppar, men sjå no! Tenkte det kunne vere kjekt for Nils å sjå utviklinga-sjå våren kome, liksom.(Bildet er tatt med mobil)

Ingen kommentarer: