lørdag, mars 25, 2017

Dagbok 2017: 25.mars

Dette skjerfet fekk eg av Margrete i fødselsdagsgåve. Ein treng mange skjerf/sjal for alle genserar er så vide i halsen, og så har eg oppdaga at ein ikkje frys så lett om ein er varm rundt halsen.

Klokka er 19.20, temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Eg kom meg heim i ein viss fart i kveld, var ikkje komen lenger enn ned på Håkonsgata før nokre naboar kom og baud meg skyss heim. Dei bur lengre ute i gata her, så det var ingen omveg for dei.
I dag før middag laga eg ein porsjon ertersuppe, som eg hadde klar då Margrete og ungane kom frå konserten i Voldakyrkja. Einar var også i Volda i dag, og sprang rundt Rotevatnet, både han og Håkon gjorde det godt. Etterpå besøkte han Nils og så kom han og fekk suppe ,han også.
Etter at vi hadde kome oss ut dørene og ut på heimen, begynte eg å tenke: Hadde eg flytta kasserollen med suppe frå bordet og bort på omnen etter at vi hadde ete? Og hadde eg slått av plata som stod på 1 ? Eg hadde ei ekkel kjensle av at suppa faktisk stod på plata og varma seg. Men eg sa ingen ting, for eg ville ikkje at Nils skulle bli uroleg. Tenkte litt på å ringe ein nabo, men trøsta meg sjølv med at alt sikkert var heilt i orden, for det er mykje ein gjer heilt automatisk.
Margrete og ungane var med ut til Nils, men gjekk då vi skulle på tilstellinga som saniteten stod for.
Det var hyggelig, trefte både gamle og yngre som eg kjenner, eller har kjent ein gong i tida.
Etterpå sat eg på rommet med Nils til den vesle søte pleiaren frå Romania kom for å hente han til kveldsmaten. "Do skal få kakao, Nils! og skiver med kabaret!" Nils likar godt å prate med jentene, dei ler av morsomheitene hans.(Denne "jenta" skal bli bestemor i august).
Som sagt fekk eg skyss heim, og det var i grevens tid, for her stod suppepanna på plata, med ein liten skvett svartbrent suppe på botnen. Heldigvis hadde det ikkje skjedd noko verre, og eg trur eg skal få panna rein igjen med tid og stunder. Eg har eit farlig problem med kokeplater og springar-gløymer å slå dei av. Alle nye komfyrar er no utrusta med alarm- slik eg har forstått det.

For dei som har lyst å besøke Nils, men ikkje veit kva tid det passar, her er  programmet for dagane:
Klokka 11.00:TRIM

Klokka 13.00: LUNSJ
Klokka 16.00: MIDDAG
Klokka 19.00: KVELDSMAT
Det er ikkje trim om sundagane, og klokkesletta for måltida er ikkje veldig faste og varer ikkje så lenge.
Påskeliljene har eg fått av Solveig. Dei tre krukkene har eg fått før.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi har komfyrvakt over omnen. Ei innretning til eit par tre tusen som eg meiner er lovpålagt i nye kjøken. Det var Øystein som snakka med elektrikaren. Der kan no vere ei billeg forsikring ...

Besta sa...

Ja, eg skulle sikkert ha hatt noko slikt, men når eg går her åleine er eg påpasseleg med det meste- har mine rutinar. Det er når rutinen vert broten det kan gå gale. Det gjekk heldigvis bra, og panna blir heilt fin igjen. Den var ganske ny.