tirsdag, mars 14, 2017

Dagbok 2017: 14.mars

Klokka er 18.40, temperaturen er + 4 grader og det regnar og haglar. Eg veit det, for eg kom heim for nokre minutt sidan . Det var "friskt" å vere ute i dag, likar i grunnen litt ruskevêr innimellom.
Planen min i dag var å ta 13.53-bussen til Volda og besøke Nils, og sidan eg hadde ei økt heime før turen, fekk eg lagt opp eine buksa eg kjøpte førre veka.
Eg ville gå heimanfrå klokka 13, for eg hadde eit par ærend. Men så ringde ei venninne i det eg skulle fare, og ho insisterte på å køyre meg heilt til sjukehuset, og derfor kom eg dit litt tidlegare enn venta.
Den første eg trefte var fysioterapeuten, ho som var heime hos oss ein gong i vinter, ho fortalde at Nils hadde hatt trening og at han hadde fått dusja. Det siste er eg sikker på at han var glad for, det har ikkje vore mykje dusjing i det siste.
Elles var det ikkje særleg endring frå i går, han er framleis svak og slapp og sovna fleire gonger mens eg var der. Men han hadde ikkje vondt. Han blir døsig av all medisinen også, ikkje berre av sjukdommen. Han har ikkje fått resultat av verken CT eller prøver i dag. Men sjukepleiaren som var innom og målte, registrerte at pulsen var normal og at han ikkje hadde feber.
Når eg er på besøk hjelper eg litt til med eitt og anna, så det blir litt mindre mas på betjeninga. I går åt eg heile middagen hans, i dag delte vi den. Eg gjekk med på det for at han skulle ete noko. Elles er ikkje appetitten på topp, men han får i seg suppe og næringsdrikkar. Eg hadde med bananar, det plar han ete, og clementinar, som han først ikkje ville ha, men syntest var godt då eg lokka han til å prøve.
I går kveld kvikna han til mot kveld og såg TV, og ringde heim, håper det lysnar litt i kveld også.
Eg hadde tenkt å gå ned på busshaldeplassen og ta bussen klokka 17.50, det er den ruta som går Volda-Kristiansund, det einaste ruteheftet eg finn ut av. Men så gjekk der altså ein buss frå sjukehuset klokka 17.14, så kanskje eg skulle ta den, og kanskje den gjekk heilt til Ørsta? Som tenkt så gjort. På ventebenken kom det også ein ung svarthuda gut som skulle med bussen, og han orienterte meg. Han såg bussen lenger nede i vegane og sa at no måtte vi gå ned på vegen. Det gjorde vi. Eg spurde for ordens skuld sjåføren om han køyrde til Ørsta, og det gjorde han. FLOTT. Det var berre det at først skulle vi fram til Bratteberg, og cruise rundt i store byggefelt. Ganske interessant eigentleg, for eg hadde aldri vore der før. Ca. 17.30 var vi på busstasjonen, og der blei vi ståande. Eg prata litt med sjåføren og då viste det seg at det faktisk var time-ekspressen til Kristiansund eg var om bord i. Så var det berre å vente på at klokka skulle bli 17.50- og det blei den ,jo. Det vart ingen rundtur i Ørsta i dag, men det var godt å gå opp bakkane etter så mykje sitting.
Bussjåføren og eg var rørande einige om at det er håplaust å finne fram i bussrutene på nettet. Men til sommaren skal det visst bli ein revolusjon. Aldri kjedeleg å reise med bussen!
No høyrde er tora, best å slå av datamaskina, kanskje?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...