onsdag, mars 15, 2017

Dagbok 2017: 15.mars.


Klokka er19.40, temperaturen er + 5 grader og det er litt vind. Slett ikkje så gale vêr.
I dag har eg vore i Volda så å seie heile dagen. Tok bussen bortover klokka 11.57 og kom att med den som går frå Volda klokka18.50. I dag har eg gått ned til bussen både her og i Volda, og så gjekk eg opp att på Vallabøen. Då er det eg skulle ønske eg hadde skritteljar. Men det gjer godt å gå litt når ein sit i ro så mange timar.
Snakka med Nils i telefonen før middag og han fortalde at dei enno ikkje har funne ut av den infeksjonen han har. I dag skulle han ikkje få febernedsettande medisin og så skulle han på røntgen med lungene. Ved å la feberen stige skulle dei via blodprøve finne ut meir om infeksjonen, håpa dei.  Då eg gjekk derifrå var temperaturen oppe i 38,5, og sjukepleiaren hadde bestilt blodprøve. Etterpå skulle han få Paracet for å få ned temperaturen. Meir veit eg ikkje enno, men stoler på at han får all den hjelp som han kan få.
Eg er der mange timar for dag, og Nils søv mykje av tida, men så er det måltid, gymnastikk og i dag også røntgen, så det skjer mykje. Nils et rimeleg bra, i dag fekk han blomkålsuppe og rundstykke til lunsj, eg måtte ete halve rundstykket, det er som om han lettare får til å ete når eg også gjer det.
Til middag åt han kjøttkake og grønnsaker+ dessert. Eg fekk ein heil tallerken med brød og pålegg + kaffi. I tillegg åt Nils ein yoghurt og ei flaske med næringsdrikk, mellom måltida. Etter middag vart Nils så trøtt at han sov ein heil time. Eg hadde lydbok, men sovna ei stund eg også. Var rimeleg forvirra då eg vakna.
Margrete var innom ei stund etter skuletid, men eg sa at ho berre kunne fare heim, for eg ville vere lenger og ta bussen. Når eg er der hjelper eg som sagt litt til, med å hente vatn, rydde litt, barbere han, stille opp og ned senga  osv.
Når eg går til og frå sjukehuset går tankane mine ofte tilbake til 1961. Då låg far min låg på Volda gamle sjukehus i tre veker før han døde. Mamma overnatta på hybelen min, mens eg fekk leige eit anna rom i huset der eg budde første året eg gjekk på lærarskulen. Mamma sat på sjukehuset med pappa heile dagane og fekk mat der. Når eg kom ein tur ut på ettermiddagen/kvelden kom dei også med mat til meg. Pappa låg med drypp, og den tida måtte ein passe på at nåla ikkje datt ut. No har dei mykje betre ting å hjelpe seg med. Mange tekniske anordningar som ikkje var før.
I 1961 budde eg i eit hus rett nedanfor "Gamlegymaset" så vegen fram og tilbake til sjukehuset var om lag den samme som eg går no. Og så var det jo kort veg frå lærarskulen til sjukehuset.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Godt at Nils har eige rom, betre for deg å vere der lenge dagane, då. Svein har fortalt om då far dykkar låg på sjukehuset i Volda. Han var i militære på Bardufoss og fekk kom heim til gravferda. Ja, det var andre tider då. Du må helse til Nils frå oss begge. Håper han kjem seg føre slik at ha kan kome til Ørstaheimen, betre for deg det også. Vi tykkjer du er tapper.

Besta sa...

Eg er hos Nils mest mulig, for skulle eg vere her heime ville eg berre gått og tenkt på korleis han hadde det. No kan eg tross alt vere til litt hjelp og støtte. Om kveldane slappar eg av heime åleine, og så ringer Nils viss han er nokonlunde
bra. Då pappa døde i Volda, måtte eg på kontoret til Rektor Kårstad og be om nokre dagar fri. Det var ikkje lett. Eg bad om fri til ein viss dato, og sidan 17.mai var med, og det berre dreia seg om 2 skuledagar fekk eg aller nådigst permisjon. Det var jo berre mamma og eg til å ordne opp, sidan Svein var i det militære.