mandag, februar 13, 2017

Dagbok 2017: 13.februar

Klokka er 18.15, temperaturen er minus 1 grad C og det har vore fint vêr i dag også. Elles har ikkje dagen vore så strålande. Nils har hangla litt siste dagane, vore veldig slapp og utan matlyst. Eg har sett kva veg det gjekk.
I dag ringde han sjølv til kreftsjukepleiaren/ koordinatoren. Ho kom heim her og tok blodprøver som ho frakta ned på legesenteret. Eg hadde tennlegetime så eg måtte vere vekke ei stund, men Marit køyrde meg ned og venta på meg mens eg var inne. Då eg kom heim kom sjukepleiaren hakk i hæl og kunne fortelje at ein ny infeksjon var på gang, og verdiane var såpass høge at det var ikkje rart han var slapp. Så var det å vente på lege, han skulle komme etter halv fire, og det gjorde han. Han undersøkte Nils og avgjorde at han skulle til Volda, og der er han no. Sidan han har litt for låg blodprosent håper eg han får tilført litt blod, det gjorde han sist han var der. Og så blir det ny antibiotikakur-den tredje sidan 14.nov. Og fjerde gong han får ambulansetur. Ja, ein lyt vel berre venje seg til det. Godt at vi bur i eit land der både sjuke og gamle får hjelp, utan at vi må betale det sjølve.
Eg synest det er trist kvar gong han må reise heimanfrå for å ligge på sjukehus, men ser også mi eiga begrensning når det gjeld å ta meg av ein sjuk mann. Og når han skal ha medisinsk behandling har eg ingen ting å stille opp med. Håpet mitt er at han blir overført til Ørstaheimen, slik at eg har han i gangavstand.
No har eg sett på ein klesvask og så skal eg ete litt, har ikkje smakt mat sidan frokost.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...